ed tapet i Gulating Lagmannsrett er reparasjonar og rettsutgifter oppe i 17 millionar kroner. Og kommuneadvokat i Flora, Jo Dale Pedersen, set no søkelyset på prosjekteringa av Havhesten. - Både tingretten og lagmannsretten bygger på at det ikkje var utføringsfeil av betyding, men prosjekteringsfeil. Og då er det naturleg å krevje vederlag frå prosjektørane, seier Pedersen.
Arkiv
Lekkasjar og rustskadar
Etter eit nytt sviande nederlag mot entreprenøren i rettsapparatet ser Havhestensaka i Flora ut til å ta ei ny vending. Saka er blitt eit svært dyrt kapittel for Flora kommune. Etter opninga i år 2000 har lekkasjar, rustskadar, stenging og årelange tvistar og rettssaker prega badeanlegget i Florø. Reparasjonane har kosta bortimot 13 millionar kroner, og etter det andre rettstapet mot entreprenøren Skanska er dei samla kostnadane oppe i kring 17 millionar kroner.
Maks 4,5 millionar
Kommuneadvokaten i Flora meiner no at ansvaret må leggast på prosjektørane. Vanlige standard prosjekteringskontraktar har ansvarsavgrensing opp mot total 4,5 millionar. Så det vil vere eit øvre tak på erstatninga, seier han.