NRK Meny
Normal

Vurderer eigen høyangerpakke

Nærings- og handelsdepartementet utelukkar ikkje tiltakspakke til Høyanger.

Statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet Rikke Lind.

Frå venstre ordførar i Høyanger Kjartan Longva, stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap), statssekretær Rikke Lind og Øystein Nybø.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Måndag var statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet Rikke Lind i Høyanger for å drøfte krisa ved felgfabrikken.

- Vi har starta ein dialog med kommunen som vi vil halde fram. Viss det ikkje kjem noko løysing innan onsdag, må ein med ein gong starte arbeidet med omstilling, seier Lind.

Lova ingenting

Statssekretæren hadde verken pengar eller andre konkrete lovnader med seg til Høyanger måndag.

- Viss ikkje Fundo held fram, er den viktigaste oppgåva å sjå kva vi kan gjere for dei som står utan jobb, seier Lind.

- Kan det bli aktuelt med ein eigen høyangerpakke?

- Eg utelukkar ingenting, seier Lind.

Sympati med dei tilsette

Lind trur framleis på at det kan komme industrielle eigarar på bana innan 12. februar. På møtet måndag var likevel ho oppteken av å vise sympati med dei som no risikerer å miste jobben.

- Eg føler med dei som står i fare for å ikkje ha jobb etter onsdag. Ikkje berre dei tilsette, men familien, ungane og lokalsamfunnet. Vi må sjå på kva vi kan gjere for å sikre dei ny jobb viss Fundo blir historie, seier Rikke Lind.

Vegopning på Bergum i Førde kommune