Hopp til innhold

Vurderer dronesøk etter sakna mann

Mannskap frå Røde Kors har i heile dag vore ute å gjort overflatesøk etter mannen i 50-åra som vart meld sakna tysdag.

– Dei er framleis ute og sjekkar no korleis havstraumane er i området. Vi vurderer også å bruke drone i søket, men det kjem an på vêr og vind, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved sentralen i Florø.