Aldri før har ein praktisert beiteforbod i Sogn og Fjordane på grunn av fare for rovdyr. Men til sommaren kan det altså bli realiteten for sauebønder i Indre Sogn. Jerven har dei siste ti åra forsynt seg grovt i både Luster, Lærdal og i fjor haust også i Sogndal. Men om jerven gjer stor skade, vil eit beitforbod vere langt verre, seier leiar i Skjolden sankelag Arne Øverås. Han skjøner ikkje korleis ein skal kome seg gjennom sommaren, for beite på innmark finst ikkje her, seier han.
- I mot rådande politikk
Berre dei to siste åra har sauebønder i Luster fått utbetalt 600.000 kroner i rovdyrerstatning. Fleire hundre dyr er blitt offer for ein stadig veksande jervestamme i fjellheimen i Indre Sogn. Difor er Arne Øverås og Mattilsynet samde om at problemet må løysast. Men eit beiteforbod går imot den rovdyrpolitikken miljøverndepartementet har lagt opp til, seier Øverås. - Tiltak for å redusere rovdyrskadane skal ikkje rettast mot sauene, men rovdyra. Og det har miljøverndepartementet sjølv skrive i eit brev til Lærdal sankelag, seier Øverås.
Må finne eit hi
I Luster er det så langt i vinter skote to jervar, og det er fellingsløyve på endå ein. Mattilsynet i Indre Sogn vil helst unngå å innføre beiteforbod. Difor varslar dei sauebøndene allereie no om kva som må til for å ikkje hamne i ein slik situasjon. Det er ikkje nok at det blir felt tre jervar i jaktperioden no i vinter. Det viktigaste blir å finne jervehi slik at ein hindrar yngling, seier veterinær Olav Hermansen.