Hopp til innhold

Vurderer å ta "fiskerikrig" vidare til Høgsterett

Krangelen om framtida for sildeoljefabrikken på Trollebø i Nordfjord kan no hamne i Høgsterett. Fiskerikonsernet Nergård investerte 300 millionar kroner i det nyopna anlegget som kanskje må leggast ned.

Sildoljefabrikk

KRANGLAR OM DENNE: Nergård AS investerte fleire hundre millionar kroner i fabrikkanlegget. No kan det bli liggande brakk.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det moderne anlegget for framstilling av fiskeolje utanfor Måløy er stridens kjerne i ein av dei mest spesielle rettsstridane i norsk fiskeindustri.

Verksemda Pelagia vann nyleg fram i lagmannsretten mot eigaren av fabrikken, Nergård Pelagic AS. Fabrikken må avviklast, meiner Gulating lagmannsrett. Om lag 20 arbeidsplassar kan gå tapt.

Innrømmer ein risiko

– Vi er overraska og skuffa over den heilomvendinga som har skjedd frå den første runden i rettsvesenet. Eg hadde trudd vi skulle vinne fram i lagmannsretten også, men det er jo alltid ein risiko, seier konsernsjef i Nergaard, Tommy Torvanger.

Pelagia vann fram med sin påstand om at det er ein klausul på eigedomen på Trollebø som seier at ingen kan drive med sildeoljeproduksjon der. Dette er Nergård grunnleggande usamd i.

– Vi hadde gjort dei undersøkingane som var råd å gjere i forkant, men no er vi jo idømt det. Det er ei veldig spesiell sak dette her. Vi har eit heftefritt, tinglyst skøyte, og så blir vi pådømte eit hefte i ettertid.

Tommy Torvanger

OPPGITT: Konsernsjef Tommy Torvanger vurderer no om dei skal anke vidare til Høgsterett.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

Har investert mykje i utstyr

Kva som no skjer vidare er høgst uvisst. Torvanger hevdar at dei ikkje kjem til å tape heile investeringa på 300 millionar uansett.

– Det er ikkje pengar som er tapt. Det er investert i utstyr og eigedom som har ein verdi. Kva slags verdi er det for tidleg å seie noko eksakt om no, seier Torvanger.

Nergård AS har no ein frist til september med å anke dommen frå Gulating lagmannsrett, noko konsernet sine juristar vurderer no.

– Vi brukar tid på å sjå på kva som er mogleg å gjere vidare. Det er ein relativt lang frist, vi må ta ei avgjerd før den går ut i september.

Pelagia har aldri vore i tvil

Direktør i Pelagia, Egil Magne Haugstad, sa nyleg til NRK at dei aldri har vore i tvil om kva som har vore avtalt. No er dei nøgde med å ha fått medhald.

– Eg ventar at Nergård tek inn over seg at lagmannsretten har slått fast at dei har gjort noko ulovleg på denne eigedommen. Vi fortalde dette til dei alt før dei bygde. Eigedommen vart seld for 30 millionar kroner, og det skulle etablerast heilt andre typar verksemder der, ikkje mjøl- og sildeolje.