Vurderer å starte opp flyging

Det nystifta flyselskapet Viking Air vurderer å starte opp med ei flyrute mellom Florø og Oslo. Det skriv nordlandsavisa Nord24.no. Frå 1. april vert alle flyruter til og frå Florø drive på kommersiell basis. Selskapet Viking Air, som er i oppstartsfasen, har eit konsept med lågpris. Ifølgje avisa Firda er selskapet i dialog med Flora lufthamn, ordførar og rådmann i kystbyen.