Hopp til innhold

Vurderer å sikte Vågsøy-politikar

Politiet i Vågsøy vurderer å sikte eit formannskapsmedlem etter lekkasjen frå det lukka formannskapsmøtet.

Eit formannskapsmedlem i Vågsøy skal ha brote teieplikta og gjeve advokaten til Tande-P taushetsbelagt informasjon i forkant av rettsmøtet i ei tvistesak etter Tall Ships Races .

No vurderer politiet å sikte eit formannskapsmedlem for å få opplysningar frå telefonane til politikaren.

Informasjon frå telefonen

Ordførar i Vågsøy, Roger B. Silden, melde lekkasjen til politiet . Lensmann Tormod Hvattum seier at dei no har gjennomført avhøyr av alle formannskapsmedlemene som var å møtet 14. januar, utan at nokon av desse har vedgått lekkasje av detaljert informasjon til advokaten til Tande P.

- Eit alternativ er å sikte ein i formannskapet for å ha gjeve vidare taushetsbelagde opplysningar, for å få tilgang til telefonar han har ringt, seier han.

Advokaten har nøkkelen

Politiet meiner at etterforskinga har avdekka at eit formannskapsmedlem faktisk ringde til Tande P sin advokat før rettsmøtet . Tande P kravde salet av ein film om Tall Ships Races stogga, eller eit større pengebeløp. Men advokaten, Thomas Rukin, vil ikkje gje opp namnet på den som ringde.

- Den som sit med nøkkelen til heile saka, er advokaten til Tande P. Vi har vurdert å få ei rettsleg forklaring av han, men det har vi førebels lagt til sides, seier Hvattum.

- Går på tilliten

Lensmannen har gjeve saka høg prioritet, og i løpet av neste veke blir det bestemt om politiet finn grunn til å sikte ein eller fleire politikarar i Vågsøy.

- Det er snakk om tilliten til dei folkevalde, og det er ei sak som har vakt stor interesse i Vågsøy og vi tykkjer det er viktig at slike ting blir oppklara, seier Hvattum om kvifor dei ynskjer å bruke så mykje ressursar på saka.