NRK Meny
Normal

Vurderer å sentralisere kreftkirurgien

Helsedirektoratet føreslår å sentralisere kreftkirurgien. – Det vil ikkje vere realistisk, seier avdelingssjef ved kirurgisk avdeling i Helse Førde, Nils Sletteskog.

Prehospitalt bygg, Helse Førde

SENTRALISERING: Kreftpasientar kan i framtida risikere å måtte reise lenger enn til Førde for å bli kreftoperert.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Helsedirektoratet presenterte i dag rapporten som i framtida kan føre til at kreftpasientar ikkje lenger blir opererte lokalt.

Cecilie Daae

FRAMLEGG: Cecilie Daae og Helsedirektoratet føreslår å sjå på kva sjukehus som skal behandle kva krefttypar.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

For å behandle ei kreftform meiner dei ei sjukehuset bør ha tre spesialistar og utføre minst 20 operasjonar kvart år.

– Dyktige kirurgiske team og stadig meir avansert kirurgi har ført at fleire overlever og lever lenger. For at denne utviklinga skal kunne halde fram, vil vi nok oppleve ei ytterlegare sentralisering når det gjelder enkelte typar kreftkirurgi, seier assisterande helsedirektør Cecilie Daae.

Oppteken av kvalitet

Brystoperasjon blir i dag gjennomført over heile landet, men i framtida kan det kome krav om at desse blir lagt til sjukehus med 200.000 innbyggjarar i sitt opptaksområde. Det er det mange sjukehus som ikkje oppfyller i dag. Slik som Helse Førde, med sine 109.000.

Avdelingssjef Nils Sletteskog ved kirurgisk avdeling trur ikkje det er realistisk å sentralisere kreftkirurgien.

– Det viktige for meg er at det er kvalitet på tenester. Det trur eg vi kan dokumentere gjennom kvalitetsregisteret i kreftregisteret at vi har, seier han.

– Pasientane vil tape

Sletteskog seier kreftkirurgi utgjer ein stor del av aktiviteten til Helse Førde, og fryktar for tilbodet til kreftpasientar i Sogn og Fjordane dersom den blir flytta vekk.

Han meiner også å dokumentere at kreftkirurgien i føretaket har både høg kvalitet og godt resultat.

– Det er ingen som står klar til å ta over dei oppgåvene vi har, så det blir vesentleg lenger ventetid for pasientane. Dersom ein ikkje kan vise til betre resultat andre stader, så trur eg pasientane har tapt mykje, seier han.

– Meir forståeleg krav

Hos Helsedirektoratet meiner likevel Daae at ei sentralisering vil vere fornuftig. Difor føreslår ein bør vurdere kva føresetnader som bør vere til stades for at sjukehus kan utføre ulike typar kreftkirurgi.

Ein del krefttypar er allereie i dag sentralisert til større sjukehus.

– Ein kreftoperasjon liknar ikkje på ein annan kreftoperasjon, seier ho.

– Er robustheitskravet blitt eit penare ord for nedlegging?

– Nei, det er kanskje blitt eit meir forståeleg krav enn kvalitetskrav.

– Robuste nok

Ole Alexander Opdalshei

POSITIV: Kreftforeininga er opptekne av kreftpasientane sitt beste og Ole Alexander Opdalshei meiner kvaliteten har ein samanheng med volum.

Foto: Helge Carlsen / NRK

I Helse Førde meiner avdelingssjefen at sentralsjukehuset i Førde er robuste nok til å handtere kreftkirurgien også i framtida. Han fryktar for rekrutteringa dersom denne blir sentralisert.

Kirurgi ved kreftsjukdom er nært knytt til annan kirurgi. Ved dei fleste sjukehus er det dei same kirurgane som opererer både kreftpasientar og andre pasientar med lidingar innan same organsystem.

– Ei sentralisering vil få mykje å seie for fleire avdelingar. Diagnostikk og behandling heng veldig nær saman. Det er ofte dei same som står for den. Misser ein behandlinga, så er det heller ikkje folk til å ta seg av diagnostikken heller, seier han.

Kreftforeininga positiv

Assisterande generalsekretær Ole Alexander Opdalshei i Kreftforeininga forstår frykta og skepsisen hos Sletteskog. Likevel ynskjer foreininga velkomen ein slik gjennomgang som Helsedirektoratet no har sett i sving.

Som direktoratet meiner Kreftforeininga at for mange sjukehus har drive med kreftkirurgi.

– Frå eit pasientperspektiv er det ikkje til å komme bort frå at det er ei teknikkøving der det er ein viss samanheng mellom kvalitet og volum. Det verkar det for å vere brei semje om i fagmiljøa. Så kan ein diskutere kva som er minste volum, men det må fagpersonar bli samde om, seier Opdalshei.

Behov for fagmiljø

At lokale tilbod kan forsvinne, som i Helse Førde, fryktar ikkje Opdalshei.

– Kreftpasientar er villige til å reise for å få den best moglege behandlinga. Det viktigaste er å få bygt opp miljø som verkeleg er gode og som set fokus på best mogleg resultat for pasienten, seier han og avsluttar.

– Ser vi åra framover, så vil ein få eldre befolkning. Diverre vil vi også få betydeleg auke i kreft. Den type prognose må vi også ta omsyn til når ein no etablerer kreftkirurgien i Norge.