NRK Meny

Vurderer å sende rekninga vidare

– Høyanger kommune vurderer å sende rekning til politiet, etter at brannfolk måtte rykke ut til ei knivstikking, seier rådmann Arve Varden. I Høyanger har dei det dei kallar industribrannvern, der tilsette ved Hydro sin fabrikk rykker ut og sender ei rekning til kommunen. Denne rekninga vurderer dei no å sende til politiet.

Knivstikking i Høyanger
Foto: Arve Ullebø