Hopp til innhold

Vurderer å melde seg ut av Høgre

Nestleiar i Eid Høgre, Tore Hjelle, er så misnøgd med trasevalet for E39 at han vurderer å melde seg ut av partiet.

Tore Hjelle

MISNØGD: Nestleiar i Eid Høgre, Tore Hjelle, tykkjer ikkje lenger det er freistande å vere med i politikken. Han er svært skuffa etter vedtaket om kvar E39 skal gå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg får sjå kva eg gjer. Eg vil ikkje gå ut med noko no, men eg står framfor ein prosess der eg vurderer om eg skal gå på ein ny periode. Det er ikkje freistande å vere med lenger for min del.

– Er det på grunn av E39-saka?

– Ja, det er på grunn av saka. Eg er ikkje nøgd med måten dette har gått føre seg på, seier Tore Hjelle.

Svært skuffa

Statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa har bestemt at E39 skal krysse Nordfjorden med bru ved Svarstad i Stryn. Nestleiaren i Eid Høgre er svært skuffa over avgjerda.

– Det einaste argumentet som blei brukt, var at det var lågast byggekostnad i indre. Her har ein fått signal frå Høgre sentralt at ein ville leggje vekt på faglege grunngjevingar og at ein skulle sjå på nye berekningsmetodar og levetid. Når det kokar ned til at indre blir valt fordi det var billegast, så er det skuffande, seier han.

– Denne saka er ikkje god

Hjelle seier han gjer seg mange tankar om at det var statsminister Erna Solberg frå eige parti Høgre som la fram avgjerda.

– Eg gjer meg mange tankar og eg skal ikkje seie alle no. Eg tykkjer ikkje prosessen frå Høgre si side har vore god. Eg ville gjerne høyre samferdsleministeren forsvare den avgjerda som er teken med eigne ord.

– Trur du fleire vil seie takk og farvel til Høgre i Eid?

– Det å melde seg ut har eg aldri sett på som ei konstruktiv løysing. Om ein ikkje er einig i ting, må ein absolutt vere med å kjempe for det ein trur på. Eg tilrår ikkje folk om å melde seg ut, men denne saka er ikkje god i det heile teke, seier han.

Misnøye også i Gloppen

Hans Os

E39 AVGJORT: Styremedlem Hans Os i Gloppen Høgre er svært skuffa over avgjerda.

Foto: Privat

Også på andre sida av fjorden er stemninga nedtrykt. Styremedlem Hans Os i Gloppen Høgre er skuffa over avgjerda om kvar ei framtidig bru skal krysse Nordfjord.

– Stemninga i Gloppen er trist og nedtrykt. Når det blir lagt vekt på samfunnsutvikling- og nytta nordover og ikkje her i vårt fylke, blir det ein merkeleg måte å argumentere på.

– Men no er det vel samfunnsnytte ved indre linje også?

– Ikkje i nærleiken av det ein ville ha ved å leggje brua i midtre. Då ville du knyte saman Nordfjord på ein heilt anna måte. No blir E39 ein veg forbi Nordfjord.

Tykkjer brua er galskap

Han tykkjer regjeringa sin prosess var god ein periode, men at den i det siste har blitt skyvd ut.

– Det var statsministeren sjølv som la det fram. Det tyder vel på at overordna ting har gjort at det ikkje var samferdsleministeren som gjorde det. Eg ser ingenting positiv med vedtaket, utanom at det greitt å få tunnel gjennom Utvikfjellet. Elles tykkjer eg det er galskap med bru i indre, eg trur aldri den kjem.

– Kvifor er det galskap?

– Det er fordi det må haldast oppe ferjer på minst to andre stader. Ein har ikkje moglegheit til å knyte Nordfjord saman på same måte som ved bru over Anda–Lote.

Os har ingen god kjensle etter det som har skjedd, men seier dei er nøydde til å stå på vidare og kjempe for Gloppen og resten av Sogn og Fjordane. Han har ikkje tenkt å melde seg ut av partiet.

– Eg ser ingen alternativ til Høgre. Eg veit heller ikkje om andre som vil melde seg ut. Men det er folk som ikkje betalt medlemsavgifta og det er nok ei fare for at dei ikkje kjem tilbake med det første, seier han.

Statsminister Erna Solberg seier ho ikkje vil kommentere eventuell usemje i regjeringa, og seier at avgjerda er gjort utan dissens.