Hopp til innhold

Regjeringa vurderer å kutte talet på flyplassar

Regjeringa vurderer å legge ned flyplassar over heile landet. Norge har i dag 29 lokale kortbaneflyplassar som årleg har ein og ein halv million reisande. No har samferdsledepartementet bedt Avinor om å greie ut ein meir effektiv flyplasstruktur.

Widerøe på Førde lufthamn Bringeland

SKAL UTGREIAST: Norge har i dag 29 lokale kortbaneflyplassar som årleg har ein og ein halv million reisande.

Foto: Kjell Arvid Stølen (MMS-foto) / NRK

Jenny Følling

SKEPTISK: Sp-politikar Jenny Følling meiner regjeringa startar i feil ende.

Foto: Alf Vidar Snæland

Senterpartipolitikar og fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Sogn og Fjordane seier det brenn eit blått lys for småflyplassane i distrikta.

– Her viser Høgre og Framstegspartiet sitt sanne ansikt. Byrjar dei å sanere flyplassane dramatisk, vil det får store konsekvensar for heile Distrikts-Noreg, frå nord til sør i landet, seier ho.

Fryktar for distrikta

29 stadar kring om i landet har Avinor lokale lufthamner. Det kostar staten og flypassasjerane store summar i økonomiske tilskot, anten direkte frå Avinor eller gjennom rutetilskot frå staten.

Like fullt er det duka for bråk når regjeringa no vurderer å legge ned fleire lokale flyplassar. Jenny Følling som er fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, fryktar at distrikta blir isolerte.

– Flyplassane er så viktige for dei er vår snarveg ut i verda. Det handlar om å kunne delta på det som skjer i landet, for vi er ein del av ein større samanheng. Det er heilt avgjerande, ikkje minst for næringslivet som utgjer 70–80 prosent av dei som reiser på dei regionale lufthamnene, seier ho.

Skal sjå på ei rekkje sider

Det er i eit oppdragsdokument i samband med førebuingane til neste Nasjonal transportplan, at Samferdsledepartementet ynskjer tilrådingar frå Avinor om det framtidige lufthamnettet.

Statssekretær John Ragnar Aarseth frå Høgre seier ei rekkje sider ved flyplassane skal vurderast.

– Vi ser på moglegheiter, potensial og meir effektive og betre lufthamner. Vi ser også på om det enkelte stader kan vere hensiktsmessig å satse meir på ei lufthamn og kanskje leggje ned ei som ligg nært. På den måten kan dei reisande få betre tilbod i ein region.

Har vore uendra i fleire tiår

Regjering viser til at dei lokale lufthamnene blei bygde på 60-talet i ei tid med langt dårlegare vegnett. No er avstandane alt blitt mindre, og i takt med meir vegbygging bør ein sjå på strukturen på nytt. Svaret frå Avinor skal vere klart seinast når etatane legg fram si tilråding til Nasjonal transportplan.

– Vi har ein flyplasstruktur som har vore uendra i fleire tiår. Vi byggjer vegar og vi har tenkt å byggje mange fleire i åra som kjem. Då kan det vere enkelte stader at kommunikasjonen blir betre og avstandar blir kortare mellom flyplassar. Frå tid til anna er det fornuftig å sjå på om strukturen ein har er den som skal vere for alltid, seier han.

– Finns det nokre tal på kor mange flyplassar ein kan gå ned til?

– Nei, det er ikkje i den enden vi startar. Utgangspunktet vårt er at Avinor skal ta ein gjennomgang på alle dei flyplassane vi har, seier Aarseth.

Meiner det er feil ende å starta

Men Jenny Følling meiner regjeringa har starta i feil ende når dei no vurderer å legge ned flyplassar.

– Ta no tak i infrastrukturen. Bygg vegar først og ikkje riv ned flyplasstrukturen. Det er feil ende å byrje i, seier ho.