NRK Meny
Normal

Vurderer å hente Kripos tilbake til Atløy

Politiet vurderer å be Kripos om ytterlegare hjelp med etterforskinga av fabrikkbrannen på Herland på nyttårsaftan.

Løkeland krabbefabrikk

TOTALSKADD: Store delar av den tradisjonsrike fabrikken på Herland vart totalskadd i brannen. Tomta er framleis avsperra. – Vi har undersøkt det vi meiner var viktigast i starten, så tek vi resten fortløpande, seier lensmann Åge Løseth.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Trass kring 30 avhøyr, rundspørjingar og undersøkingar i brannruinane, står politiet framleis på bar bakke i etterforskinga av branngåta på Atløy.

– Vi har per i dag ingen svar på kvifor brannen starta, stadfestar lensmann i Askvoll, Åge Løseth.

Vurderer Kripos

Lensmann Åge Løseth

LENSMANN: Nær to veker etter brannen står politiet framleis utan svar på branngåta på Atløy nyttårsaftan.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Store delar av fabrikken vart totalskadd i brannen på nyttårsaftan . Først etter kring 30 timar vart brannen til slutt sløkt . I førre veke var teknikarar frå Kripos på Atløy for å undersøke ruinane. Kva funn desse eventuelt har gjort, ynskjer ikkje Løseth å kommentere.

Han vil heller ikkje kommentere kva som har kome fram i vitneavhøyr, men seier at dei vurderer å be Kripos om ytterlegare hjelp med etterforskinga.

– Dei var her i førre veke og det blir vurdert om dei kjem attende i neste veke eller seinare, seier han.

Avsperra

– Vi er ikkje ferdige med undersøkingane i tomta og veit ikkje kva undersøkingane vil gje oss av svar. Etter det vil vi vurdere å be Kripos sine teknikkarar om å komme opp att ein tur, legg Løseth til.

Etterforskingsarbeidet har vist seg krevjande. Branntomta er stor og politiet vil gjere seg ferdig før dei frigir den til forsikringsselskapet.

– Det tek tid. Tomta blir ikkje frigjeven denne veka, og heller ikkje neste veke, seier lensmannen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.