Hopp til innhold

Politidirektoratet vurderer eitt politidistrikt

Politidirektoratet foreslår å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland til eitt politidistrikt.

Politihuset i Florø

VIL KUTTA: Politidirektoratet vil slå saman Sogn og Fjordane politidistrikt med Hordaland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Direktoratet meiner at ei samanslåing vil auke kapasiteten og effektiviteten til politidistrikta og gjere det mogleg å byggje opp betre fagmiljø.

Som eitt av fire alternativ føresler dei å redusere talet på politidistrikt frå 27 til 15. Herunder kjem forslaget om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland.

I dei tre andre alternativa er det aktuelt å la Sogn og Fjordane halde fram som i dag.

– Vi ønskjer å redusere talet politiadministrasjonar, slik at vi kan frigjere ressursar og midlar til å lønne fleire politifolk, blant anna, seier Knut Kværner, som er seksjonssjef i Politidirektoratet.

Skeptisk fagforeining

Leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannesen, meiner det vil bli ei dramatisk endring om forslaget blir gjennomført.

– Er er svært skeptisk til å gå så drastisk til verks, og eg trur ein så kraftig sentralisering vil svekke tilbodet til publikum, seier Johannessen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leder i Politiets Fellesforbund Arne Johannessen

SKEPTISK: Arne Johannessen, leiar i Politiets Fellesforbund, er svært skeptisk til forslaget.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Direktoratet grunngjev forslaget med at distriktet vil få ein auka kapasitet, kunne handtere større oppgåver, effektivisere drifta.

– Det høyrast veldig fint ut, men eg meiner det går ei heilt klar grense for kor store distrikt ein kan operere med. Vi kan ikkje fjerne toppleiinga frå publikum og fjerne dei for mykje frå dei driftseiningane dei skal leie, seier Johannessen.

Vil bli landets nest største

Ei samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland politidistrikt vil gjere politidistriktet til landets nest største med omsyn til innbyggjartal, og dei vil få over 55 kommunar å forholde seg til.

Johannesen meiner forslaga er tydeleg prega av at ein har for lite politifolk:

Johan Brekke

SKAL DRØFTE: Johan Brekke, politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Vidar Gudvangen/NRK

– Det er berre å sjå på Sogn og Fjordane med alle dei ledige stillingane som dei har som det ikkje er pengar til å tilsette folk i. Slik er det også i mange andre politidistrikt, seier Johannessen.

Dele distriktet eit alternativ

Eit anna alternativ som direktoratet har kome med, er å slå nordlege delar av fylket saman med Møre og Romsdal, medan Sogn vil bli styrt saman med Hordaland.

Politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Johan Brekke, seier dei no skal sjå nærmare på dei forslaga som er komne inn.

– Vi skal ha møte i strategisk leiargruppe på tysdag der vi vil ta stilling til forslaga, seier Brekke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.