Hopp til innhold

Det blir vurdert som trygt å flytta sperringane nærare breen - trass i dødsulukka

Nigardsbreen har trekt seg fleire meter tilbake i løpet av sommaren. Sperringane som vart sett opp før sommaren er det no aktuelt å flytta nærmare breen, trass i den tragiske dødsulukka søndag.

– Sikringstiltaka er gode nok ved Nigardsbreen, seier Ivar Kvalen, ordførar i Luster. Fleire av skilta var velta då dødsulukka skjedde søndag.

SJÅ VIDEO: – Sikringstiltaka er gode nok, seier ordførar i Luster Ivar Kvalen, trass i at nokre av fareskilta var velta ved breen.

– Seinast i dag hadde me representantar frå forvaltninga i området, så det er nok aktuelt å flytta sperringane litt nærmare brefronten, seier Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

– Ein årleg diskusjon

Steinar Bruheim

BREFØRAR: Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag.

Foto: Christian Blom / NRK

Den varme sommaren har ført til at breen har kalva mykje i sommar. I går omkom to tyske turistar i 30-åra då dei vart treft av store ismassar, etter at dei hadde teke seg forbi sperringane og fareskilta.

– Det er ein årleg diskusjon me har om ikkje å setja sperringane så langt vekk frå fronten, for då er det vanskeleg å få turistane til å forstå kvifor ein må halda seg så langt vekke. Då har dei lettare for å kryssa sperringane og dei syner mindre respekt for sperringane og skilta, seier Bruheim.

– Det er ein balansegang å finna ein fornuftig avstand til brefronten der det er trygt å stå.

Det er på den andre sida av elva i forhold til der ulukka skjedde at det er aktuelt på flytta sperringane. På ulukkessida er sperringane på tilfredsstillande avstand.

– Sikringstiltaka er gode nok

Ivar Kvalen

ORDFØRAR: Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Tidlegare i dag hadde politiet og forvaltarane møte, då vart det klart at sikringstiltaka er gode nok ved breen.

Det seier dei trass i at fleire av fareskilta var velta, truleg som ein følgje av sterk vind. Dei velta skilta var ikkje på same sida der dei omkomne turistane gjekk.

– Me har tilsyn der oppe to gonger i veka, seinast på fredag. Skilta er såpass tydelege og klare at det skal vera tilstrekkeleg. Men me sender no opp politi i lag med Statens naturoppsyn og forvaltninga for gå over området på nytt og sjå om me kan gjera forbetringar.

Kvalen får støtte av dei to nederlandske turistane Erik og Shane Bloemink. Far og son var ved Nigardsbreen då ulukka skjedde i går, og høyrde isen som rasa. Dei meiner åtvaringane var gode nok.

– Om eg skal besøkja ein isbre fleire gonger og eg ser nokon kryssa sperringane, så kjem eg nok til å seia ifrå. «Hei, du bør ikkje gjera det der. Sist gong eg var her mista to menneske livet då dei gjorde det.», seier pappa Shane.