Hopp til innhold

Vurderer å bryte med regjeringa

Fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang, er ein av 13 fylkesleiarar som meiner at partiet bør bryte med regjeringspartia, dersom dei ikkje får meir gehør for miljø og klima i budsjettforhandlingane. - Eg vil ikkje utelukke at Venstre vil bryte samarbeidsavtalen med regjeringa etter dette syltynne budsjettforslaget. Det er nok eit scenario som er nærare enn nokon gong, seier Berge Stang til VG.

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK