NRK Meny

Vurderer å bruke kvite ambulansar

Helse Førde vurderer å ta i bruk kvite ambulansebilar. Desse bilane skal berre ta transportoppdrag og har lågare krav til kunnskap hos dei som køyrer bilen. Det opplyser klinikkdirektør Trine Hunskår Vingsnes i Helse Førde. Målet er å redusere arbeidsmengda til dei vanlege ambulansebilane og slik spare pengar. I fjor køyrde ambulansane nesten totalt 1600 turar mellom Førde sentralsjukehus og Haukeland i Bergen. Mellom sjukehusa i Sogn og Fjordane vart det køyrt nesten 1100 turar.

Hvit ambulanse Bortelid
Foto: Kai Stokkeland / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune