Hopp til innhold

– Det mest ekstreme vi har opplevd

Det nye albumet til barndomsvenene i Vreid, Sólverv, blir omtala som årets beste black album, mellom anna av tysk presse. Sjølv har dei jorda godt planta på jorda.

Vreid, pressefoto

ÅRETS BESTE? Vreid får svært gode kritikkar for sitt nyaste album, Sólverv. Bassist og låtskrivar Jarle Kvåle (andre frå venstre) har brukt mange timar på hytta i Sogndalsdalen for å finne inspirasjon til låtane på plata.

Foto: Pressefoto

– Det er klart bra tilbakemeldingar gir større interesse, men vi sit ikkje med fantasiar om at ting skal eksplodere. Det gjer vi aldri, seier Jarle Kvåle.

Bassisten og låtskrivaren i Vreid må seiast å vere kledeleg beskjeden. Bandet frå Sogn har gitt ut sitt sjuande album, og det har fått svært gode terningkast av eit samla internasjonalt meldarkorps.

– Det har vore heilt fantastisk denne gongen. Vi har vore heldige og fått god omtale på mange av dei siste platene, men dette er det mest ekstreme vi har opplevd, seier Kvåle.

Har funne inspirasjon på heimstølen

Som låtskrivar har Kvåle denne gongen vore i heimlege trakter for å finne inspirasjon til den nye plata. På stølen til familien i Sogndalsdalen har han late tankane flyge.

– Det har dukka opp minne og ikkje minst stemningar, frå alt frå nokre år tilbake, til heilt frå barndommen. Det gjer at ein byrjar tenkje på andre ting igjen, og gjerne idear ein har hatt tidlegare, seier han.

Kvåle seier plata Sólverv på mange måtar er eit resultat av det dei har drive med i over 20 år.

– Eg har brukt mykje tid på hytta, og det har vakt til live ein del idear som har lege i dvale.

– Kva er innhaldet i tekstane på denne plata?

– Det handlar mykje om dei viktige tinga i livet, om livet og døden.

Vreid

PÅ TURNE: Vreid skal no ut på ein tre veker lang europaturne.

Foto: Gøril Sætre

– Absurd at så mange ikkje forstår tekstane

Låtane på plata er sognedialekt, men det stoggar ikkje bandet i å gjere suksess også langt utanfor landegrensene.

– Det er litt absurd å tenkje på at store delar av dei som lyttar til musikken vår i andre land, i utgangspunktet ikkje forstår kva vi skriv om. Samtidig er det ekstra fascinerande å sjå kor mykje arbeid dei legg ned for å forstå tekstane, flirer Kvåle.

For den ivrige fanskaren brukar ivrig diverse oversettingsprogram for å forstå kva det blir sunge om på sognemål.

Klare for turne i Europa

– Kvifor let folk frå heile verda seg fascinere av denne musikken på sognedialekt?

– Det er vanskeleg å seie, men folk seier det har noko ekte ved seg. Det er noko heilt primalt, blanda med noko ganske sofistikert. Det er brutalt og rett i trynet, men det er noko genuint og ikkje skapt for å vere populært, seier Kvåle.

Gode tilbakemeldingar til trass, bandmedlemmene har beina godt planta på jorda. No er fokus å levere det beste dei kan live på scena.

– No er vi ferdige med det kreative, og skal ut å leve dei beste showa vi kan. Vi har hatt ei runde på Vestlandet, og no skal vi tre veker på turne i Europa.