Hopp til innhold

Vrakar Okine - held fram spelarjakta

Sogndal har bestemt seg for ikkje å skrive kontrakt med Emmanuel Okine. Sogndal held fram spelarjakta med uforminska styrke, og har fleire nye fjes på plass.

Emmanuel Ayaah Okine 2

MÅ REISE HEIM: Emmanuel Ayaah Okine fekk ikkje kontrakt med Sogndal denne gongen. Klubben har allereie fleire nye aktuelle spelarar på trening denne veka.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Okine har veldig mykje bra med seg, men det er ting vi er usikre på, og difor legg vi ballen død no, seier sportssjef Håvard Flo til NRK.no.

Midtstopparen var innom Sogndal også sist sommar, og fekk no med seg nye 14 dagar med prøvespel i klubben. Likevel vart det altså ingen kontrakt på ghanesaren.

Har tysk keeper på prøvespel denne veka

No jobbar Sogndal vidare i jakta på forsterkinga. Klubben er ute etter ein keeper, ein kantspelar og ein midtstoppar.

Sist veke var målvaktene Andreas Leitner og Jacob Storevik på prøvespel, men førebels er det ikkje teke noko avgjerd om ein av desse blir ny keeper i klubben.

– Vi har ein ny keeper her denne veka, og det skal bli artig å sjå han i aksjon. Men uansett vil vi nok bruke litt tid på å teste ut litt framover, seier Håvard Flo.

Han siktar til tyske Fabian Spiess, som til dagleg spelar på utlån i Bristol Rovers i England. 20-åringen er Notts County sin eigedom, men har vore på utlån i fleire klubbar siste åra.

Simen Lefdal på Sogndal-trening

VISTE SEG FRAM: Simen Lefdal har imponert mange under prøvespelet med Sogndal, men førebels er det ikkje teke stilling til om han blir Sogndal-spelar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ventar med å bestemme seg for lokale spelarar

Sogndal ser denne veka også nærare på Tor André Skimmeland Aasheim frå FK Haugesund. Den offensive midtbanespelaren debuterte i eliteserien i 2014.

– Det skal bli artig å sjå kva han er god for. Han er ein bakromsspelar, ein hurtig kant, som også kan spele på begge sider. Han er dessutan inventar på U-landslag, seier Håvard Flo.

Sogndal har førebels ikkje teke endeleg stilling til om dei vil hente dei lokale talenta Simen Lefdal, Edin Øy, Erling Myklebust eller Vegard Savland.

– Det er definitivt interessante spelarar. Men vi er førebels i ein kartleggingsfase, så får vi sjå etterkvart kva avgjerd vi tek – men det er klart at dei har vist seg frå ei fin side, seier Flo.