Hopp til innhold

Vraka i Sogndal - kan hamne i FKH

Eliteserieklubben Haugesund vil denne veka avgjere om dei vil tilby Oddbjørn Skartun (22) kontrakt.

Oddbjørn Skartun

AVGJERD: FK Haugesund vil denne veka avgjerde om dei skal tilby sogndølen Oddbjørn Skartun (22) kontrakt.

Foto: privat / Vard Haugesund

Den tidlegare Sogndal-spelaren var mellom tre prøvespelarar som i førre veke fekk prøve seg på Haugesund si treningssamlinga i Tyrkia.

Sjølv om treningskampen mot den ukrainske toppklubben Shaktar Donetsk vart avlyst, er Oddbjørn Skartun nøgd med treningsopphaldet med FKH.

– Det var veldig kjekt å få prøve seg. Eg følte sjølv at eg fekk vise at eg har noko å bidra med og fekk positive tilbakemeldingar frå både spelarar og støtteapparat. No gjenstår det å sjå kva det blir til, seier Skartun som etter årets sesong er utan kontrakt med Vard Haugesund.

Mest aktuell

Nøgd er også den sportslege leiinga i Haugesund. I tillegg til Skartun var også Øyvind Garfjell (Lyngen/Karnes) og Pål Alexander Kirkevold (HamKam) med på Tyrkia-turen.

FKH-trenar Jostein Grindhaug seier 22-åringen frå Sogndal er den av prøvespelarane det er mest aktuelt å knyte til seg. Haugesund har følgt med Skartun sidan han kom til Vard i 2009.

– Han er ein høvesvis ung spelar som har potensial til å utvikle seg vidare. Vi vil ta ei avgjerd ganske raskt om vi vil gå vidare med han, eller om Oddbjørn må gå ein annan veg, seier han.

– Ambisiøs kar

Med berre seks serie- og cupkampar, vart det smått med speletid for Sogndal i perioden 2006-2009.

Sidan har det blitt tillit og 26 mål på tre sesongar hos årets tabelltoar i 2. divisjon avdeling 3, Vard Haugesund.

– Oddbjørn har hatt fin utvikling i Vard, har fått spelt mykje og har scora okay med mål. Han er ein ambisiøs kar som veit kva han vil og han er treningsvillig. Oddbjørn er ein fin type og det meste ligg til rette for han, meiner Grindhaug.

I dialog med Sogndal

I tillegg til interessa frå Haugesund er Skartun ynskt med vidare i Vard. Han er også er i dialog om ein retur til gamleklubben Sogndal.

– Eg var oppe og trena og prata litt med dei. Vi snakka laust med kvarandre om framtida, men det er ikkje noko konkret der, seier 22-åringen og seier han sjølv tek framtida med stor ro på noverande tidspunkt.

– Eg tek det som det kjem. Fokuset mitt no er uansett å trene godt så eg blir klar til seriestart uansett divisjon, seier han.

Ingen nedtur med Vard

Han er klar for å prøve seg på høgare nivå om tilbodet skulle kome. Denne veka skal han i samtale med Haugesund.

Klubben meiner dei har sett nok av sogndølen til å kunne bestemme seg.

– Eg har håp om å spele i høgare divisjonar, men det vil ikkje vere noko nedtur å halde fram i Vard. Det er eit utruleg bra lag som fort kan rykkje opp neste sesong, seier Skartun.