NRK Meny
Normal

Vraka i Brann – aktuell i Sogndal

Eirik Birkelund (21) fekk ikkje ny kontrakt med Brann. No kan han bli Sogndal-spelar.

 Bærum-Brann

SOGNDAL-AKTUELL: Mange spelarar har dei siste åra gått frå Sogndal til Brann. Eirik Birkelund kan gå den motsette vegen om partane blir samde om ein overgang.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Han kjem til oss i dag, og vi skal ha ein prat. Så får vi sjå kva det blir til, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til Bergens Tidende.

Eirik Birkelund starta seks kampar for Brann i år. Han kom dessutan inn som innbytar i seks kampar. Han har vore ein populær spelar på Brann stadion, særleg kjend for stor løpskapasitet.

Midtbanespelaren vil sjølv ikkje kommentere saka overfor Bergens Tidende. Men agent Henning Berg understrekar at Sogndal er ein klubb Birkelund vurderer seriøst.

Også Viking skal vere interessert i 21-åringen.

Sogndal har frå før styrka stallen etter opprykket med midtbanespelaren Ole Amund Sveen frå Hødd og spissen Martin Ramsland frå Strømmen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser