Hopp til innhold

Difor valde «den blonde djevel» Sogndal

I staden for å vise seg fram for Viking, signerte Eirik Birkelund (21) for Sogndal Fotball. – Her har Sogndal fått ein uslipa diamant, seier rådgjevaren hans.

Håvard Flo og Eirik Birkelund

INGEN TVIL: Møtet med Eirik Bakke og Håvard Flo (t.v.) før jul overtydde Eirik Birkelund om kvar han skal spele fotball sesongen 2016. I 2011 debuterte han for Brann mot nettopp Sogndal.

Foto: Sogndal Fotball

Etter ein medisinsk test måndag morgon, signerte Eirik Birkelund kontrakten som gjer han til Sogndal-spelar ut 2018-sesongen. Så gjennomførte han si første trening med klubben.

21-åringen fekk ikkje forlenga kontrakt med Brann og kjem gratis til Fosshaugane.

– Med kulturen, fasilitetane, treningsopplegget og måten å spele fotball på, så skulle det spesielle ting til, for at det skulle bli andre enn Sogndal, seier Birkelund.

Sa nei til Viking

For i tillegg til eit koppel av 1. divisjonsklubbar, viste også Kjell Jonevret og Viking interesse for den kontraktlause bergensaren. Det vart med eit treningsopphald i førre veke.

For berre nokre få dagar sidan la Sogndal eit kontraktsforslag på bordet.

– Viking ville sjå han att i fleire fotballøkter denne veka, men interessa frå Eirik Bakke var krystallklar, seier Henning Berg, som har vore Birkelund sin agent og rådgjevar sidan 2012.

Kjenner kvarandre

Sogndal-trenaren og nyervervinga kjenner til kvarandre frå tida der Bakke var Brann-spelar og Birkelund Brann-talent.

Eirik Birkelund

EKSTREM: Rådgjevaren til Eirik Birkelund (bildet), Henning Berg, meiner Sogndal har fått ein uslipa diamant i stallen. – Eirik kan opne spelet med harde og presise pasningar, og er ein god avsluttar, seier Berg.

Foto: NRK

21-åringen blir skildra som ein teknisk og spennande spelar, som passar godt inn i spelargruppa. I første omgang må han konkurrere mot Babacar Sarr og Rune Bolseth.

– Eg kan spele i dei fleste posisjonar sentralt på midtbana. Er hardtarbeidande boks til boks, er spelande, men også veldig glad i å ha ballen i beina, skildrar Birkelund seg sjølv.

Ekstreme kvalitetar

Rådgjevar Berg har tidlegare vore kritisk til at Birkelund ikkje har fått speletid i Brann. Han meiner Bakke no har fått i nevane ein uslipa diamant.

Berg viser mellom anna til eit oksygenopptak på mellom 75 og 80. Snittet i eliteserien er på kring 65.

– Eirik har ekstrem fysikk, ekstrem teknikk og ekstrem fart. Han er intelligent og i stand til å spele fotball i høgt tempo, seier rådgjevaren og viser til den tidlegare engelske landslagsspelaren.

«Blond djevel»

Birkelund var 18 månader i franske St. Etienne, der treningskvardagen var med A-laget.

Kamptreninga til han av personlege årsaker reiste heim til Bergen, fekk han som kaptein for reservelaget.

– Eirik vart kalla «den blonde djevelen», nettopp på grunn av dei ekstreme kvalitetane. I Bergen vart han plassert i skapet. Med speletid så tvilar eg ikkje på at Sogndal har ein A-landslagsspelar i han på relativt kort tid, seier Berg.

Spennande sesong

Birkelund, som fyller 22 år om få dagar, drøymer framleis om å bli utanlandsproff. Førebels er det speletid i trygge omgjevnader som betyr mest.

I Sogndal skal Birkelund kombinere fotball med studiar ved Høgskulen.

– Alle fotballspelarar har eit mål om utlandet, men akkurat no er all fokus på jobben eg skal gjere her i Sogndal. Og her ser eg berre fleire moglegheiter som opnar seg.

– Kva tenkjer du om sesongen?

– Sogndal gjorde ein veldig solid sesong i fjor, og slik opplegget er rundt trening og kamp, så trur eg det kan bli ein spennande sesong.