Hopp til innhold

Vossajazz-prisen til Thea Hjelmeland

Thea Hjelmeland frå Førde fekk i år Vossa Jazz-prisen for plata «Solar Plexus».

Thea Hjelmeland

FEKK PRIS: Thea Hjelmeland fekk Vossa Jazz-prisen 2015.

Foto: Vossajazz

– Det er heilt fantastisk, Eg blei veldig overraska og veldig rørt, seier Hjelmeland

Vossa Jazz-prisen har opp gjennom åra markert det beste som finst av jazzmusikarar i Hordaland.

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.

Hjelmeland som no er busett i Bergen får prisen for den djupt personale plata «Solar Plexus».

– Eg har vore oppteken av å vere så ærleg som mogleg i uttrykket mitt, og når det då treffer publikum så betyr det enormt mykje.

Hjelmeland har fått spellemannsprisen i klassen Indi for same plata, som var eit resultat av at ho dei siste åra har opplevd alt frå stor glede til den aller djupaste sorg. Samstundes som ho skulle bli mor for første gong, opplevde ho også å miste kjærasten sin.

– Eg har jo fortalt noko av mi historie som bakgrunn for musikken som er skapt. Eg har jobba veldig med å tørre å vere nærast brutalt ærleg i det eg uttrykkje. Då blir det gode energiar og sterk kraft i musikken. Det er ingenting som er betre enn når det rører andre.

Personleg album

I grunngjevinga til juryen for Vossa Jazz-prisen heiter det:

«Årets prisvinnar er ein hardtarbeidande musikar, komponist og tekstforfattar. Sjølv om hovudinstrumentet er vokal, beherskar vinnaren eit utal andre instrument. Vinnaren har samarbeidd med ulike musikarar og innan ulike sjangrar. Det er ein målretta musikar som det siste året har gitt ut eit personleg album som har teke imot strålande kritikkar både i musikkpressa og blant publikum. Inspirasjon til musikken hentar prisvinnaren både frå eige kjensleliv og via impulsar frå det store utland. Leikenheit og improvisasjon er grunnleggande eigenskapar for musikken som vert laga.»

– På det personlege nivået så tenker eg at ein må tørre å vere å vere ærleg med seg sjølv for å kunne gå inn dei musikalske landskapet der ein leikar.

Den 28. Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylke. Prisen er på 30.000 kroner i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat laga av Kristin Austreid.

Gode kritikkar

«Solar Plexus» er den andre plate til Hjelmeland. Den personlege plata har også fått svært gode kritikkar, fleire musikkmeldarar i dagspressa har trilla femmarar og seksarar.

Hjelmeland har tidlegare uttalt at ho håpar denne plata kan gjere at ho når ut til eit større publikum.

– Eg jobbar kontinuerleg med å utvikle mitt eige uttrykk og særpreg, og gjere konsertopplevingane for publikum nærare og betre.