NRK Meny
Normal

Voss tek gjerne imot fødande frå Sogn

Voss sjukehus meiner dei har stor nok kapasitet til å ta over fødande frå Lærdal sjukehus. Kommunejordmora i Årdal er skeptisk.

Fødeavdelinga på Voss sjukehus
Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Dersom den forsterka fødestova i Lærdal vert lagd ned slik helseføretaka ønskjer, vil fire av åtte kommunar i Indre Sogn hovudsakleg bruke fødeavdelinga på Voss.

– Fryktar mykje reising

Men kommunejordmor i Årdal, Rigmor Cruickshank, fryktar det vil gå utover dei fødande.

– Det er det vi slit veldig med, at vi sender dei til Voss. Vi er nøydde til å sende dei tidleg fordi vi har så lang veg. Då er det ofte at det går over, eller at det er så tidleg at dei skal bruke eit døgn eller to til. Då vert dei ofte returnerte frå Voss, seier Cruickshank.

Årsaka er at Voss sjukehus ikkje har pasienthotell. Dersom fødestova i Lærdal vert lagd ned, er dei næraste alternativa for gravide kvinner i Indre Sogn sjukehusa i Førde og på Voss.

Sørsida vil bruke Voss

For kommunane på nordsida av Sognefjorden vil hovudtyngda av dei fødande reisa til Førde. På sørsida nyttar så og seia alle fødande i Aurland og Vik sjukehuset på Voss også i dag.

Men gravide årdalskvinner som ville valt Lærdal i dag, kjem til å nytta Voss i framtida, trur Cruickshank.

– Tyngda vert nok på Voss.

Det same er mest sannsynleg for fødande lærdalskvinner, opplyser kommunejordmora i Lærdal. Utfrå fødselstala i 2010 ville Voss ha fått om lag 40 fleire fødslar frå dei to sognakommunane utan fødestova i Lærdal.

Har kapasitet

Det er uproblematisk for Voss å ta i mot fødande sognekvinner, meiner sjukehusdirektøren.

– Vi har per i dag ca 500 fødslar per år. Om vi kjem opp i 550 vil det heilt klart vere innan det vi har kapasitet til. Eg vil tru vi kan klare opp mot 600 fødslar, seier direktør Rolf Abrahamsen ved Voss sjukehus.

– Like langt frå Bergen

Jordmora i Årdal er likevel skeptisk.

– Det har hendt at eg har frakta pasientar opp dit tre gonger i løpet av dei tre siste døgna før dei skal føde. Då er dei heilt utslitne når dei skal føde, seier Rigmor Cuickshank.

Men Abrahamsen viser til deira erfaringar frå Hordaland.

– Vi har ganske mange fødande frå Bergens-regionen som har minst like lang avstand. Dei vel Voss frivillig, så eg må jo då tru at dei ikkje ser på dette som noko problem.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser