NRK Meny
Normal

Vorspiel på Jølster kan bli den neste hitlåten

Jan Tore Befring og Håvard Erle kan bli Norges neste låtskrivarstjerne. Blant over 3.000 bidrag, er duoen frå Drusar blant 42 finalistar som står att.

Jan Tore Befring

HIT: Saman med Håvard Erle konkurrerer Jan Tore Befring (biletet) om å bli den neste norske låtskrivarstjerna i nytt NRK-program. – Vi er vel for gamle til å ha håp, men sidan vi er blant dei 42 av 3.000 låtskrivarar, så har vi ein liten sjanse, seier Befring.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Det er NRK si nye musikkrealitysatsing «The Hit», det er tale om. I haust kan det norske folk sjå Jan Tore Befring og Håvard Erle konkurrere om interessa til langt meir meritterte artistar – og å nå heilt til topps som dei neste låtskrivarstjernene.

Bidraget til duoen var opphavleg skriven for Førde/Jølster-bandet Drusar, og heiter «Damer og solnedgangar». Låten vart sendt inn for moroskuld.

– Det er jo litt stas og eigentleg ganske stort når det er ein stjerneprodusent som Steve Lillywhite som har plukka ut låtane. Det viser jo at ein ikkje er heilt på jordet med låtskrivinga, seier Befring.

På skjermen 17. oktober

Steve Lillywhite

PRODUSENT: Steve Lillywhite har jobba med fleire av verdas største artistar.

Foto: Philips Communications / Wikimedia Commons/cc-by-2.0

Lillywhite er ikkje kven som helst, og har jobba med stjerner som U2, Rolling Stones, The Killers og Peter Gabriel. I alt konkurrerte 3.162 låtskrivarar om å komme igjennom nålauget. Blant dei 42 som klarte det, var altså Befring og Erle.

Programmet startar 5. september, og 17. oktober dukkar sunnfjordingane opp på TV-skjermen. Då i konkurranse med fem andre låtskrivarar.

Mot slutten av kvart program er det publikum og TV-sjåarane som avgjer kva låt som går til finalen 24. oktober.

(Artikkelen held fram under biletet)

Disse artistene er med i The Hit

ARTISTAR: Jørn Hoel, Trine Rein, DDE, Alexander Rybak, Atle Pettersen og Helene Bøksle er mellom artistane i realityserien «The Hit».

Foto: Berit Roald, Ned Alley, Heiko Junge, Fredrik Varfjell, Stian Solum Lysberg, Ned Alley / Scanpix

Blant dei 14 artistane som i tur og orden skal plukke seg ut to songar, er veletablerte artistar som Maira Haukaas Mittet, DDE, Trine Rein, Alexander Rybak, Vidar Busk og Jørn Hoel.

– Dette er noko eg verkeleg brenn for: Å finne talent og ein melodi og gjere noko eige med det. Det er det beste eg veit, og det er veldig kult å få dele min kunnskap med folket, seier Rybak.

– TV er kleine greier

Befring og Erle har allereie spelt «Damer og solnedgangar» for dei to artistane som kan velje låten. Korleis det gjekk, står att å sjå.

(Artikkelen held fram under videoen)

Alexander Rybak, Atle Pettersen og Jørn Hoel forteller om hvorfor de ville være med i "The Hit".

SJÅ VIDEO: Alexander Rybak, Atle Pettersen og Jørn Hoel fortel kvifor dei vil vere med i «The Hit».

– Settingen er spesiell, og det er litt spesielt å sitje i eit lite rom med ein kjent norsk artist heilt i ansiktet. Spelinga og det gjekk greitt. Det verste var TV-kamera. TV er noko kleine greier, humrar Befring.

– Fekk de noko signal frå artistane?

– Eine kom jo inn att og høyrde heile låten. Det er jo eitt bra teikn.

– Starta med eit riff

Låten såg dagens lys for vel eitt år sidan og er blitt spelt i konsertsamanheng.

Målrock 2013 i Årdal

DRUSAR: Håvard Erle (t.v.) og Jan Tore Befring (i midten) er bandmedlemer i Førde/Jølster-bandet Drusar.

Foto: Siren B. Svortevik / NRK

– Det starta med riffet til Håvard. Det trigga både ideen til tekst og melodi, fortel Befring, som i tillegg er å finne i banda Aventyr og Spitfire.

Tekstmessig er «Damer og solnedgangar» basert på eigne erfaringar under eit vorspiel i baksetet på veg til fest i yngre dagar.

– Det hadde ikkje freista å vore med på The Voice eller Idol?

– Dei andre konsepta er karaokekonkurransar. Det er uinteressant når du driver med sjølvlaga musikk.

– Det ironiske er at, skulle låten gå til topps, så har vi klart å lage ein skikkeleg hit som vi ikkje kan gje ut sjølve. Det ville i så fall blitt ein coverlåt.

– Men det er vel ein tanke de kan leve med?

– Ja, det er det. Hadde vi ikkje sendt den inn, så hadde nok dei 700 som har trykt liker på Facebook som hadde fått høyrt den. Det blir fleire som får høyre den, og det er rettferdig mot låten sjølv.

Noen av artistene fra NRKs nye storsatsing «The Hit» synger Norges største hit akkurat nå acappella.

SJÅ VIDEO: «The Hit»-artistane syng Nico & Vinz.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.