Hopp til innhold

Vonbrot i Vågsøy over manglande løyving til Måløyraidsenteret

Den manglande løyvinga frå fylkeskommunen kan bety kroken på døra for Måløyraidsenteret. Onsdag sa det raudgrøne fleirtalet i fylkestinget nei til å løyve 800 000 til senteret.

Avduking av Martin Linge statue

SKUFFA OVER MANGLANDE LØYVING: Dette bilete er frå 8. mai i år då ordførar Morten Hagen (H) og statssekretær Himanshu Gulati (Frp) avduka denne figuren og dermed la grunnsteinen for det komande Måløyraidsenteret.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det blir ikkje sett i gang bygging av noko Måløyraidsenter før det er fullfinansiert, seier ordførar Morten Hagen.

I fleire år har det vore kjempa for å etablere eit senter til minne om Måløyraidet. Raidet 3. juledag 1941 var viktig for utfallet av krigen. Det var eitt av fleire allierte raid mot Norskekysten som mellom anna skulle villeie tyskarane.

Viktig historie

Forkjemparane meiner senteret ville vere viktig for å fortelje seinare generasjonar om kva som skjedde langs kysten under krigen.

Men økonomien har skapt vanskar meir enn ein gong. Men då staten tidlegare i år lova 5,3 millionar kroner, og 600 000 kroner til drift, trudde mange at resten skulle vere plankekøyring.

Då NRK onsdag kveld ringde Terje Sølvberg, ei av eldskjelene bak Måløyraidsenteret, var han så skuffa at han ikkje ynskte å kommentere saka.

Morten Hagen

SKUFFA: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H).

Foto: Silje Guddal / NRK

Skuffa var også ordførar Morten Hagen.

– Eg er vel i dag meir skuffa enn overraska. Det har vore mange lovnadar om at dette skal vi få til. No mangla det 800 000, resten var på plass, og så seier dei likevel nei. Det er skuffande.

Kommunen har ikkje råd

Kristeleg folkeparti har i Stortinget støtta pengane til Måløyraidsenteret. Men på fylkestinget røysta fylkesleiar Trude Brosvik og resten av gruppa mot.

– Vi kan ikkje støtte dette. Men 800 000 kroner er ikkje så mykje pengar at ikkje kommunen kan løyve det sjølv, sa Brosvik.

– Trude Brosvik er godt kjent med kommuneøkonomi her i fylket, og 800 000 kroner er mykje pengar for ein kommune, svarar Hagen.

Han syner elles til at kommunen allereie bidreg mykje, blant anna ved at Måløyraidsenteret får eit bygg kostnadsfritt.

– Her tykkjer eg at fylkeskommunen rett og slett gøymer seg unna eit ansvar dei har, og i strid med all vanleg praksis så trekker fylkeskommunen seg ut etter at staten har løyvd pengar.