Hopp til innhold

Vonar Dalsåsen blir verna

Direktør ved det nordiske kunstnarsenteret på Dalsåsen, Arild Eriksen, vonar at senteret vert pussa opp og verna.

Det som ein gong var eit staseleg bygg - er i ferd med å rotna vekk. Hovudbygget på Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen i Sunnfjord, vil kosta 20 millionar kroner å rusta opp. - Riv heile greia, seier ordføraren.

Dalsåsen er i dårleg stand.

Hovudbygningen frå 70-talet no så full av sopp og råte at Statsbygg har stengt det av. No går diskusjonen høgt om framtida for kunstnarsenteret, som i si tid var ei gåve frå kultur- og politikk-nestoren Oddleif Fagerheim.

– Bygget er rett og slett i ei så dårleg forfatning og så angripe av sopp at det er avstengd, seier ordførar Arve Helle i Fjaler.

– Respekt for historia

No vonar direktøren ved Dalsåsen at bygget blir rehabilitert slik det står i dag. Eigenverdien i soga og arkitekturen er for god til å jamne det med jorda, meiner Arild Eriksen.

– Eg vil veldig gjerne at det blir rehabilitert, slik at vi kan bruke det att slik det var meint ein gong i tida. Også av respekt for historia og gåva frå Fagerheim, så hadde det vore veldig flott. Det er øvst på mi ønskjeliste, seier Eriksen til NRK.

Forfall Dalsåsen

SOPP OG RÅTE: Sopp og råte har spreidd seg i bygningen og inventaret. No er bygget stengt av Statsbygg.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Ordførar i Fjaler, Arve Helle (Ap), er meir skeptisk til eit varig vern og ei oppussing av den eksiterande bygningsmassen.

– Ein bør jo sterkt vurdere om det kan vere ei betre løysing å sanere bygget og sette opp att eit nytt bygg som er meir tilpassa den drifta som er der oppe, seier Helle.

– Tap for senteret

Men Arne Eriksen peikar på at kunstnarsenteret fungerer meir eller mindre utan det huset er i bruk no.

– Det er sjølvsagt eit minus og det er på mange måtar eit tap for senteret. Vi driv ikkje fullt så smidig og fleksibelt som vi gjorde og som vi kunne ha gjort. Vi kan ikkje lenger invitere folk på workshops utanfrå, vi er ikkje lenger eit tilbod for utdanningsinstitusjonane som vi til ein viss grad var før.

Stig Indrebø

VONAR PÅ VERN: Arild Eriksen er direktør ved Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Må kome ei avklaring

Seinast i fjor var det ein workshop med 15 kunststudentar frå Kunstakademiet i Oslo, men dei funksjonane kan ikkje senteret lenger tilby så lenge situasjonen er uavklara i høve fellesbygget som no er stengt.

– Kva som vil skje veit eg ikkje, men det må skje noko . Først må vi avklare vernespørsmålet, og eg vonar at bygget får vernestatus. Eg seier dette på litt tynt grunnlag at eg ønskjer det, men eg eg vil tru at det vil vere ein vektig grunn for å setje det i stand, sler Arne Eriksen.