Salsdirektør Gunnar Mykland seier at Volvo Norge tek alle ulukker på alvor, og viser til at dei har sin eigen havarikommisjon.
- Ein slik beredskap er det få andre som kan vise til, seier han. Så fort politiet har frigjort bussen som brann utanfor Amlatunnelen på Kaupanger sist laurdag, vil folk frå Volvo prøve å finne årsaka til uhellet.
Lite problem
Men salsdirektør Gunnar Mykland avviser at denne ni år gamle bussen, og den like gamle bussen som brann i Fjærland i fjor, kan ha alvorlege manglar. Han seier dei har produsert over 50.000 bussar av denne typen og at det har vore svært lite problem med dei.