NRK Meny

Volda tek stilling til samanslåing

Kommunestyret i Volda skal i dag ta stilling til samanslåing med Hornindal kommune. Kommunestyret vedtok i det førre møtet å ha folkerøysting, noko som blei avvist av ordføraren i Hornindal. Reaksjonane etter vedtaket har ført til eit ekstraordinært kommunestyre i Volda. Rådmannen i Hornindal er innstilt på samanslåing med Stryn, og ikkje Volda. Politikarane i Hornindal skal ta avgjerd i saka på torsdag.