Hopp til innhold

Vogntogsjåførane jubla då dei blei tekne med slitne dekk

For andre året på rad møter Statens vegvesen sjåførar som jublar for at dårlege dekk blir oppdaga.

Slitte dekk

DEKK: Sjåføren som køyrde med desse dekka fekk ikkje køyre vidare, før han kjøpte nye.

Foto: STATENS VEGVESEN

– Dei blir glade for at vi stoppar dei. Arbeidsgjevaren meiner sjåførane kan køyre ei stund til på slitne dekk, seier Svein Ove Salt, som er inspektør i Statens vegvesen.

Han er langt frå ukjend med sjåførar som jublar for dyre gebyr og køyreforbod på grunn av dårlege dekk på norske vintervegar. I fjor jubla ein annan sjåfør på same måten, men lite blir gjort med det.

– Det betyr at sjåførane får ein god grunn til å be om nye dekk, seier Salt.

Historia gjentok seg under ein kontroll på E39 i Førde på måndag. To utanlandske sjåførar måtte betale 6000 kroner i gebyr og skaffe nye dekk før dei fekk køyre vidare, men kontrollen var likevel kjærkomen. Køyreforbodet gjorde at sjåførane måtte skaffe nye dekk. Noko dei begge var glade for.

Presset frå arbeidsgjevaren om å køyre med ulovlege dekk kan vere stort, meiner trafikkinspektøren.

– Det er kjedeleg at det må ein kontroll til for at sjåførane skal få skikkelege dekk, seier Salt.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen

KONTROLL: Svein Ove Salt er inspektør for Statens vegvesen og måtte dele ut både gebyr og bruksforbod i ein kontroll i Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Blir trist

Norges Lastebileierforbund er uroa for dårleg skodde vogntog på krevjande vintervegar. Mange fryktar ein ny dødsvinter.

– Eg blir trist. Det skal ikkje vere slik at sjåførane må bli tekne i kontroll før dei skal få nye dekk, spesielt med tanke på alle ulukkene som var i fjor, seier Jan Rune Halsøy, som er regionleiar i Norges Lastebileierforbund.

Halsøy meiner det er usunn konkurranse i transportnæringa.

– Vi må få gjort noko med dei useriøse aktørane. Kostnadsnivået i Noreg er høgt, og då vil nokon fire på dekkrava for å nå opp i konkurransen, meiner Halsøy.

Samferdsleministeren har lova strengare straffar til vogntogsjåførar som bryt reglane, og meir pengar til kontrollar.

Ville ha mangellapp

År etter år møter Svein Ove Salt og kollegaene i Vegvesenet fleire vogntog som ikkje følger krav og reglar. Under ein kontroll for nokre år sidan sprang ein sjåfør rundt heile vogntoget for å peike ut feil og manglar. Han ville ha mangellapp frå Vegvesenet for å vise sjefen at vogntoget ikkje var i god nok stand.

Inspektørane ser mykje rart under kontrollane. Nokre av dekka er så dårlege at det kan koste menneskeliv, meiner Salt.

– Eg får motivasjon til å halde på vidare med arbeidet. Når ein får stogga farlege køyretøy og får dei vekk frå trafikken, så er det eit viktig bidrag til tryggare veg.