Hopp til innhold

Vogntogsjåfør mista lappen og fekk 20.000 kr. i bot

Statens vegvesen hadde tysdag kveld kontroll på E16 ved Håbakken. Ein vogntogsjåfør fekk streng reaksjon då han vart stoppa.

Føraren som er frå Nederland blei meld for brot på reglane om køyre- og kviletid. Han fekk eit førelegg på 20.000 kroner.

I tillegg vart førarkortet kverrsett og han er nekta køyring i Norge dei neste ni månadane.

Førarkortet blir send til heimlandet, og han får køyre raskaste veg ut av Norge, opplyser politiet.

Ein estlandsk lastebilførar fekk 5.000 kroner i bot for manglande sikring av lasta.

Natt til tysdag vart ein annan lastebilførar stoppa og ilagt bot for brot på reglane om kviletid. Han fekk 11.000 kroner i bot.