Hopp til innhold

Vogntog velta på Utvikfjellet

Naudetatane er på veg til Utvikfjellet der eit vogntog velta utfor vegbana like over klokka 07. Politiet opplyser på Twitter at føraren skal vere ute av vogntoget, og framstår som uskadd. Vogntoget skal ikkje ha farleg gods. Uhellet skjedde kring fem minutt frå toppen, i retning Byrkjelo. Brannvesenet opplyser at det er svært glatt på staden.