NRK Meny
Normal

Vogntog velta på E16

Eit vogntog velta i ettermiddag på E16 i Lærdal.

Vogntog velta Lærdal

VELTA: Vogntoget velta i rundkøyringa ved Håbakken i Lærdal

Foto: Jan Christian Jerving

Uhellet skjedde i rundkøyringa ved Håbakken. I samband med bilberging kan vegen bli stengt i periodar på inntil 30 minutt frå klokka 21, opplyser Vegtrafikksentralen.

– Vogntoget velta, men sjåføren klatra uskadd ut, opplyser eit vitne som var på staden til NRK.

Både brannvesenet og politi rykte ut til uhellet. Politiet stadfestar at føraren, ein mann i 40-åra er uskadd.

Vegen er sterkt trafikkert. Det skjedde i rundkøyringa der Riksveg 5 og E16 kryssar kvarandre, opplyser politiet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser