Hopp til innhold

Vogntog stengjer fjellet

Rv 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av berging av eit vogntog som står på tvers. Brøytemannskap jobbar med å trekke det laus og det er usikkert kor lang tid det tar, melder Statens vegvesen. Dersom ikkje dei lukkast må dei få redningsbil frå Voss og då vil det ta noko tid, opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal.