NRK Meny
Normal

No er Nordalsbrua opna

Tysdag kveld var Norddalsfjordbrua i Flora stengd ein periode etter at eit vogntog køyrde seg fast på sørsida like før påkøyringa til brua.

Vogntog sperrar bru

SPERRAR BRU: Vogntog med 24 tonn last har køyrt seg fast

Foto: NRK-tipsar

Politiet fekk melding om hendinga frå forbipasserande klokka 19.20.

– Det er glatt der vogntoget står. Vogntoget har saksa seg og sperrar heile vegbana, og må ha hjelp for å kome vidare, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Vogntog sperrar Norddalsfjordbrua

MÅTTE HA HJELP: Klokka 20.45 var bergingsbilen på plass.

Foto: NRK-tipsar

Det er eit slovakisk vogntog med 24 tonn last som står fast. Vogntoget var på veg sørover med last frå Elkem då høgre sida av trekkvogna kom i grøfta. Det førte til at hengaren tverra då føraren prøvde å rette opp igjen.

Klokka 22.15 melder politiet at vogntoget er fjerna og at trafikken går som normalt.

Laster Twitter-innhold