Hopp til innhold

Tre vogntog fast i same område på 24 timar

Eit vogntog sperra i ein kort periode tysdag morgon vegen utanfor Kvammen i Askvoll. Det var tredje gongen store køyretøy køyrde seg fast i området på 24 timar.

Askvoll vogntog

SVING: Vogntoget kutta svingen og semihengaren kilte seg fast i fjellet, seier Tor Olav Viken.

Foto: Norunn Helen Høydal

– Det var eit utanlandsk vogntog, og sjåføren leverer røyr til eit prosjekt vi held på med, seier Tor Olav Viken i Entreprenørservice AS.

Vogntoget kom med ei levering måndag, og overnatta i Førde. Det var på turen tilbake, utan last, at uhellet skjedde.

Kutta svingen

Uhellet skjedde i ein svært skarp sving.

– Han kutta svingen, og semihengaren kilte seg fast i fjellet. Då kom han seg korkje fram eller bak, og stengde heile vegen, seier Viken.

Heldigvis var Viken og to kollegaer på veg til jobb akkurat då.

– Vi måtte dra han opp bakfrå.

Men han avkreftar at det skapte kaos i trafikken.

– Det var berre tre bilar som ikkje kom forbi. Det kom ein til etter kvart. Vi klarte raskt å lage passasje, det tok vel omkring 20 minutt, seier Viken.

Ikkje første, ikkje andre, men tredje gang

Dette er tredje gong på to dagar store køyretøy hamnar utfor vegen i same området. Måndag morgon køyrde ein lastebil av vegen like før avkøyringa til Kvammen, på fylkesveg 609 på veg mot Førde.

Og måndag kveld køyrde ein semitrailer av vegen i nøyaktig same sving som hendinga tysdag morgon.

Dei tre køyretøya har til felles at dei fraktar røyr til kraftverket som skal byggjast i Skorvemarka i Askvoll kommune.

Trailer utfor vegen

MÅNDAG MORGON: Denne lastebilen køyrde utfor vegen måndag morgon.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK