Hopp til innhold

Vogntog sperra tungt trafikkert veg

Vogntoget som sperra riksveg 5 i Sogndalsdalen i over ein time er no fjerna, og køane byrjar å løyse seg opp.

Johan Johanson

SPERRAR: Vogntoget sperrar vegen i begge retningar i Sogndalsdalen.

Foto: Johan Johanson

– No er redningsbilen i ferd med å fjerne vogntoget, og bilane på andre sida har fått køyre vidare. Det er forhåpentlegvis snart vår tur, seier Kjersti Støfring som sit i køen.

Køyrde seg fast

– Det sperrar heile vegen. Då eg kom prøvde han å rygge seg nedover, men då sette hengaren seg fast og førarhuset sklei ut, sa Johan Johanson, som sat først i køen bak vogntoget då det køyrde seg fast.

Uhellet skjedde i Frudalsbakken, like før Frudalstunnelen.

På få minutt har samla det seg mange bilar på kvar side av vogntoget, fortalde ein annan innringar. Mellom anna stod ein brøytebil først i køen på eine sida.

Glatt, men ikkje ekstremt

Ifølgje innringaren skal vogntoget ha kjettingar, men har likevel vore uheldig.

– Det er veldig glatt, seier Johanson.

Ifølgje Statens vegvesen er det ikkje ekstremt glatt.

– Det kan nok vere glatt, men det skal ikkje vere ekstreme forhold på staden, seier Ken Ove Holm ved Vegtrafikksentralen.