Hopp til innhold

Tre vogntog kom seg ikkje av flekken

På ei seks kilometer lang strekke har brøytebilsjåfør Birger Skåre brukt nær 20 tonn sand blanda med salt. Likevel slit vogntoga med å komme seg opp Strynefjellet.

Brøytebilsjåfør Birger Skåre.

20 TONN: Birger Skåre har køyrt jamt i heile dag og på ei seks kilometerstrekkje har han strødd nær 20 tonn sand og salt.

Foto: Roger Vik

Fire vogntog har i ettermiddag fått problem på veg opp og ned Strynefjellet.

Spor etter vogntog utfor vegen på Strynefjellet.

STOD GODT: Det utanlandske vogntoget stod godt utanfor vegbana på riksveg 15 på veg ned Strynefjellet.

Foto: Roger Vik

Eit vogntog hamna i grøfta på veg nedover mot låglandet, medan to framleis ikkje har gjeve opp å komme seg over fjellet.

– No står det to i vegen og ein som har teke kveld på parkeringsplassen ved bommen på Skåre. Han strevde ei stund, men gav seg fort og parkerte, seier brøytebilsjåfør Birger Skåre.

Har ikkje boggie

Føret som blir skildra er vinterføre, men både Skåre og fleire trafikantar meiner at det ikkje er særskilt glatt på den aktuelle stigninga.

Samtlege vogntog som i dag har fått problem over Strynefjellet har vore utanlandske. Dei har ikkje hatt boggi og ikkje hatt kjettingar. Andre vogntog, både norske og utanlandske, har kome seg opp både med og utan kjettingar.

(Artikkelen held fram under videoen)

På eit tidspunkt stod tre utanlandske vogntog fast på riksveg 15 over Strynefjellet.

SJÅ VIDEO: Ikkje uventa er det vinterføre på Strynefjellet. På eit tidspunkt hadde tre vogntog problem med å komme seg opp Strynefjellet.

– Men desse har boggi som gjer at ein får meir tyngde på drivhjula når ein løfter boggien. Når ein også har treaksla tralle, og løfter den fremste akslingen, så får ein endå meir tyngde, seier Skåre.

20 tonn sand

Skåre har køyrt strekkja i heile dag og har brukt ei halv strøsandkasse på dei utanlandske vogntoga som har stått faste.

– Det er vinterføre, men eg har snart hatt på 20 tonn sand på denne korte strekkja. Det har snødd i tillegg, så ein del av det som blir strødd på blir brøyta vekk etterkvart. Men når det er trafikk og folk står faste, så må ein berre brøyte, seier Skåre og håpar det blir betre når vêret no klarnar opp.

Berre utanlandske

Operatør Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal opplyser at dei har fått fleire telefonar om store køyrety som har hatt problem på glatta.

Alle skal vere utanlandske.

Ketil Molvær

VAKTOPERATØR: Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Foto: Privat

– Vi har vel fått melding om borti ti ulike vogntog, men ikkje ei melding gjeld norske vogntog med problem. Mellom anna fekk vi melding om eit utanlandsk vogntog som kom på feil side opp Sogndalsdalen, seier Molvær.

Alle strøbilar er ute

– Eg skjønar godt at folk kan bli livredde når dei møter vogntog på feil side på ein svingete veg. Det er ikkje berre berre å stogge eit vogntog på 40-50 tonn, legg Molvær til.

Snøfallet tysdag har ført til fleire trafikkuhell og problem på vegane. Så langt har det heldigvis ikkje vore personskade.

Vegtrafikksentralen har også fått melding om glatte vegar i Sunnfjord og noko i Sogn. I Sogndal og Balestrand skal alle saltbilane vere i sving.

– Problemet i dag er at ein ikkje kan salte fort tidleg når det regnar. Ein må vente til det byrjar å fryse på, men då skjer gjerne alt samstundes, seier Molvær.

NB! I 19.30-tida står framleis eitt av vogntoga fast på Strynefjellet. Det skal vere god passering på staden.