Hopp til innhold

Vogntog med 20 tonn fisk velta

Eit vogntog med 20 tonn fisk har velta på fylkesveg 4 ved Sløvåg i Gulen.

Fiskebil kvelva i Sløvåg med 20 tonn fisk.

STENGD: Fylkesveg 4 er stengd ved Sløvåg etter at eit vogntog med 20 tonn fisk kvelva.

Foto: NRK-tipsar

Fylkesvegen er delvis stengd etter trafikkuhellet som skjedde like før klokka 12 måndag. Det vart først opplyst at uhellet skjedde på fylkesveg 57. Omkøyring vil bli skilta.

Føraren av vogntoget er teken hand om av helsepersonell.

– Han klaga over smerter i rygg og fot, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt i Bergen.

20 tonn fisk

Vogntoget skal vere lasta med opp mot 20 tonn fersk laks. Det var på veg frå Byrknesøy mot Bergen.

– Bilen står framleis på staden, og det ligg ein god del last strødd utover, seier Samsonsen.

Politiet kjenner førebels ikkje årsaka til uhellet, men seier det blir oppretta sak og at dei vil gjennomføre avhøyr. Det er førebels uvisst kor lenge vegen blir stengd.

Vogntoget skal ha køyrt i fjellveggen og flerra opp heile lasterommet.

– Vi har rekvirert bilberging, men det er uvisst når dei vil vere framme på staden, seier han.

Sløvåg