Hopp til innhold

Vogntog køyrde over Hemsedalsfjellet med sommardekk

Måndag stoppa Vegvesenet eit norsk vogntog i Lærdal som berre var skodd med sommardekk på tilhengaren. Då hadde sjåføren allereie gjort unna turen over Hemsedalsfjellet.

Sommardekk

IKKJE RETT SKODD: Vogntoget hadde 12 sommardekk på tralla, og var ikkje skodd for vinterføre.

Foto: Statens vegvesen

– Hengaren hadde 12 sommardekk og var lasta med ei gravemaskin. Totalt vog hengaren 27,5 tonn, seier inspektør i Statens vegvesen, Roger Løvlid.

Det var bt.no som først omtalte saka.

Vogntoget vart stoppa i ein rutinekontroll ved kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal, og hadde tilsynelatande køyrt utan problem over Hemsedalsfjellet, der føret måndag var relativt glatt.

– Sjåføren hadde kjettingar på hengaren, men det er uansett ikkje forsvarleg å køyre med sommardekk slik føret var. Det er rett og slett skummelt. Trekkvogna hadde vinterdekk, seier Løvlid.

Fekk 750 kroner i bot per dekk

Sjåføren fortalde at han hadde ytra misnøye over dekka til bileigaren, men at det ikkje hadde ført fram.

– Det er uansett føraren som er ansvarleg for at køyretøyet er godt nok skodd, seier Løvlid.

Sjåføren fekk 750 kroner i gebyr for kvart sommardekk, noko som totalt gir eit gebyr på 9.000 kroner.

Varsellampe for ABS-lampe lyste

– I tillegg lyste varsellampa for ABS-feil på bremsene både på bil og hengar. Sjåføren hevda dette hadde oppstått på turen. Dette kan skuldast ein periodisk feil, men han fekk påbod om å køyre til ein verkstad å få det utbetra, samt sko hengaren med vinterdekk før turen gjekk vidare, seier Løvlid.

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Thormod Gausdal, kjenner ikkje saka i detalj, men seier på generelt grunnlag at slik er alvorleg.

– Dette er trafikkfarleg, seier Gausdal.

Hadde sommardekk på boggihjula

Også onsdag kom inspektørane på Håbakken over ein semitrailer som ikkje var godt nok skodd.

– Han hadde sommardekk på boggihjula. Det er ikkje så graverande som den vi stoppa måndag, men bilen er like fullt ikkje rett skodd for årstid og føreforhold. Også han fekk 750 kroner i gebyr per dekk, i tillegg til at han måtte få lagt om til vinterdekk, seier Løvlid.