Vogntog i trøbbel i Svelgen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Eit nederlandsk vogntog har fått problem på fylkesveg 614 ved Magnhildskaret i Svelgen.

- Ein politipatrulje har vore på staden og det viser seg at vogntoget har brukt kjettingar, men at desse har blitt øydelagt, seier operasjonsleiar Eivind Bjørke ved politiet.

Vogntoget står slik til at det ikkje er til hinder for trafikken. Bilberging er på veg.

- Etter dei opplysningar eg har no ligg det ikkje an til at sjåføren vert bøtelagt i dette tilfellet. Han har nok rett og slett vore uheldig, seier Bjørke til NRK.no.

Dei siste dagane har fleire vogntog fått problem på vinterføre. Seinast måndag hamna vogntog av vegen minst fire forskjellige stader i Sogn og Fjordane.