Vogntogsjåførar som ikkje skor bilane skikkeleg på det glatte føret kan vente seg bøter på opptil 10.000 kroner, seier lensmann i Aurland, Kjell Nordgulen. Onsdag kveld sto meir enn 30 vogntog og personbilar fast på E16. Også i dag har fleire trailerar sperra trafikken.
Nordgulen seier at politiet no gjev bøter på 3000 kroner til dei som ikkje brukar kjetting. I tillegg vert det gjeve ekstra bøter til dei som er årsak til stans i trafikken og treng assistanse for å kome vidare.
To utanlandske vogntog som ikkje kunne betale bot og rekning på assistanse vart torsdag halde i arrest. Torsdag ettermiddag står framleis eit av vogntoga i Aurland. Sjåføren må stille bankgaranti for ei rekning på heile 24.000 kroner for bøter og assistanse før han kan køyre vidare.
Føraren av eit utanlandsk vogntog måtte betale 24.000 før han kunne køyre vidare. Foto: Arve Uglum, NRK.