NRK Meny
Normal

Vogntog har problem på riksveg 52

Eit vogntog har køyrt seg fast ved Breistøl på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Eit anna vogntog har køyrt i grøfta like ved Eldrevatnet, nesten på fylkesgrensa til Buskerud.

Laster kart, vennligst vent...

– Eit svensk vogntog står fast på Breistøl. Køyretøyet sperrar det eine køyrefeltet, men det er på ei bein og oversiktleg strekning, så det skal ikkje skape problem for reisande, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Arne Stadheim.

Også ligg lenger oppe på fjellet har eit vogntog fått problem.

– Ved Eldrevatnet står eit vogntog fast i grøfta. Men også dette står slik til at det skal gå heilt fint å passere, seier Stadheim.

Bilberging er bestilt.

– Det vert ordna så raskt som råd, men det er fleire som treng hjelp, så bilbergar må ta det når han har tid, seier Stadheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser