Hopp til innhold

Kontrollen her kosta selskapet 33.000 kroner

– Det er sjeldan vi skriv så store gebyr på eitt og same køyretøy under ein kontroll.

vegvesenet peikar kvar bilane skal

VINKAR INN: Eigaren av eit norsk vogntog fekk 33.000 kroner i gebyr etter kontrollen på Håbakken. – Føraren tok det med fatning, men eigaren var ikkje like nøgd. Han meinte føraren burde visst korleis han brukar brytarane på vogntoget, seier Torgeir Bang.

Foto: Sigrid Skjerdal

Det fortel Torgeir Bang i Statens vegvesen etter at eigaren av eit norsk vogntog fekk 33.000 kroner i gebyr under ein kontroll ved Håbakken i Lærdal.

På toppen av dette fekk føraren 500 kroner i gebyr for manglande vognkort.

Selskapet kunne ved enkle grep unngått gebyret for 25.000 kroner i overlast. For vogntoget hadde eigentleg ikkje for mykje last.

– Han hadde for mykje last utan å ha alle akslingane i vegbana. Det viste seg at han ikkje visste korleis han skulle bruke brytarane slik at akslingen kom i rett posisjon. Han fekk køyre vidare etter at vi hadde vist det for han, seier Bang.

– Har de vore borti liknande tidlegare?

– Det har vi. Alle bilar har sine eigne system, og det er ofte slik at når ein er vand med det eine, så er ein kanskje ikkje så god på andre.

Kan miste veggrepet

Bang seier feil belastning på akslingane kan vere trafikkfarleg. Vogntoget hadde 15.700 kilo på drivakslingen. Den kan maks ha 11.500 kilo.

– Faren med å ha så lite vekt på framhjulet, er at bilen gyngar veldig. På glatt føre kan vogntoget miste grepet. Er det svingar og humpete, så kan det gå veldig gale, seier han.

I alt vart 16 køyretøy kontrollerte. Av desse fekk fem bruksforbod, medan sju vart rapportert skriftleg.

Bombrikke kosta dyrt

Store gebyr vart det også skrive ut under ein kontroll ved Kjøs i Hornindal. Her vart 38 køyretøy kontrollerte. Av desse fekk 26 skriftlege manglar. Eigaren av eit utanlandsk vogntog fekk 16.000 kroner i gebyr for manglande bombrikke.

– Den hadde bombrikke, men etter lova skal denne vere registrert på køyretøyet. Det var ikkje denne, fortel Svein Arne Henjasand.

Vogntoget fekk 8.000 i gebyr for same mangel for tre veker sidan. Då fekk han også beskjed om å ordne seg med bombrikke. Det er uvisst kvifor bombrikka han no hadde med seg, ikkje var knytt til noko køyretøy.

– Det kan ha vore ein tastefeil eller at han rett og slett ikkje har fått ordna med bombrikke, seier Henjasand.

– Kvifor er det så viktig med bombrikke?

– Alle skal vere med å dele på kostnadane med å bruke veg og bomringar. Norske vogntog er pålagde å ha med bombrikke. Kan ein køyre rundt utan bombrikke, medan andre betalar for det, så gir det heller ikkje lik konkurranse mellom transportørane.