Hopp til innhold

Vogntog fast i tunnelen

Trafikken på E39 gjennom Romarheimsdalen blir no dirigert via rv57 – der tunnelane er lågare under taket. Det lærte ein sjåfør på den tunge måten måndag morgon.

- Vogntoget var for høgt og vart sitjande fast i lysarmaturen inne i tunnelen, opplyser vakthavande ved lensmannskontoret i Gulen.

Dette skjedde i Unndalstunnelen mellom Dalsøyra og Levresund.

- Oppmodinga må vere at høge lastebilar må sjekke høgda på tunnelen før dei skal gjennom. Om dei er for høge må dei velje ein annan veg. Tunnelhøgda står opplyst på skilt utanfor tunnelen, så det er inga orsaking her, seier vakthavande.

Traileren kom seg til slutt laus litt over klokka åtte måndag morgon.