Hopp til innhold

Han vann to VM-gull – så sa kroppen stopp

På kort tid gjekk langrennsløpar Jon Rolf Skamo Hope frå å vera verdas beste junior til å bli «listefyll». No viser det seg at han har hatt kyssesjuke i åtte veker.

Jon Rolf Skamo Hope med gull under junior-VM i sveitsiske Goms

GULLJUBEL: Jon Rolf Skamo Hope (midten) fekk med seg eitt individuelt- og eitt stafettgull frå junior-VM. I tillegg vart det sølv på 20 kilometer med skibyte, men så slutta kroppen å fungera.

Foto: JWSC

– Det er nok grunnen til at det har gått litt trått etter VM, seier Jon Rolf Skamo Hope.

20-åringen frå Hyen leverte eit junior-VM over all forventning i månadsskiftet januar/februar. På fire forsøk vart det to gull og eitt sølv.

Men på veg heim att vart han sjuk. Ein sjukdom han har slite med sidan.

Tom for energi

I bagasjen heim frå junior-VM får Sveits hadde han med seg tre medaljar, men også ein sjukdom som tappa han for energi.

– Eg vart veldig slapp i det daglege og då eg gjekk på ski klarte eg ikkje å pressa så hardt som eg skulle ønska, seier Skamo Hope.

At noko var verkeleg ille merka han under junior-NM.

– Då eg stod på startstreken var eg heilt tappa for energi. Eg ville heller ligge i senga enn å gå skirenn, fortel han.

Likevel gjekk han inn til fleire topp ti plasseringar i NM og han konkurrerte totalt i seks veker med kyssesjuke i kroppen.

Kosta plassen på landslaget

Etter braksuksessen i VM var målet for resten av sesongen klart. Han skulle ta steget opp på rekruttlandslaget i regi av skiforbundet neste sesong for å få eit best mogeleg sportsleg opplegg. I morgon har skiforbundet kalla inn til pressekonferanse for å presentere kven som er med på laget for neste sesong.

Skamo Hope sitt namn vil ikkje bli lest opp.

– Sjukdommen har nok vore ein avgjerande faktor for at det ikkje skjer. Eg har ikkje prestert etter VM og derfor er eg ikkje kvalifisert. Det er kjedeleg, seier Skamo Hope.

– Så kva skjer då neste sesong?

– Det vert privatlaget Team Veidekke Vest. Så er målet å gjera det så bra der at eg kjem på landslaget sesongen etter.

Men for å klara det må han først bli kvitt sjukdommen. Håpet er at han skal vera i trening att om ein månad, men det kan også gå lengre tid å bli heilt frisk.

– Om eg vert frisk like fort som det eg håpar er det ikkje så farleg å bli sjuk på slutten av ein sesong. Det hadde vore verre å få det rett før sesongstart, seier 20-åringen.