Hopp til innhold

Skal teste nigerianske VM-heltar

Sogndal skal i sommar teste dei to nigerianske midtbanespelarane Akinjide Idowu og Alfa Abdullahi. Dei var begge med på å sikre gullet for Nigeria i U17-VM i fjor.

FBL-WC2013-U17-URY-NGA

VM-HELT: Akinjide Idowu (t.h) var med på å sikre gull for Nigeria i U17-VM i fjor.

Foto: - / Afp

Akinjide Idowu (17) og Alfa Abdullahi (17) kjem til fotballbygda i løpet av sommaren, og ut frå tidlegare merittar vil dei begge kunne vere med på å styrke midtbana til Sogndal.

–Vi har invitert to midtbanespelarar frå Nigeria på prøvespel. To spanande spelarar vi har følgt med på, men dette er mest kartlegging med tanke på framtida, opplyser Eirik Bakke i Sogndal Fotball til NRK.

– Vi veit at dei kjem, men me veit ikkje når. Det blir i alle fall ikkje før me er i gang att etter ferien den 25. juni, seier Bakke.

Det var den nigerianske avisa The Vanguard som først melde at dei to stortalenta skal vere på veg til prøvespel for Sogndal.

Agenten deira, Babawo Mohammed, seier til avisa at fleire av dei unge VM-heltane er på veg til ulike klubbar i Europa.

– Alfa and Idowu skal til Norge for å signere med Sogndal, seier Mohammed til The Vanguard.

FBL-WC2013-U17-NIG-SWD

TIL SOGNDAL: Alfa Abdullahi (t.h) er ein av to nigerianske talent som skal testast i Sogndal i sommar.

Foto: KARIM SAHIB / Afp