Hopp til innhold

VM-håpet veks for kvar Otoo-scoring

Scoringa var diverre ikkje nok til å sikre poeng. Men den viser ei form som kan gjere Sogndal-spiss Mahatma Otoo til VM-spelar i sommar.

Mahatma Otoo

SCORAR: Mahatma Otoo har funne vegen til nettmaskene for Sogndal. To mål i serien og eitt i cupen er fasit på dei tre siste kampane.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Ghanesaren sette inn si tredje scoring på like mange kampar. To av scoringane i seriane.

Mot Rosenborg var han berre centimeter frå å bli tomålsscorar.

– Eg takkar berre Gud og Jonas Olsson for at eg få moglegheita til å spele. Som spiss vil eg jo berre spele og halde fram med å score. Det styrkar sjølvtilliten, seier Mahatma Otoo.

Gler seg over Otoo

Det har gått nokre minuttar sidan Olsson sine disiplar gjekk skuffa av kunstgraset på Fosshaugane. Her slo Sogndal Rosenborg i 1998. Neste gong blir tidlegast i 2015. Dersom Sogndal framleis er eit eliteserielag.

For i 2014 enda det 1–2. Etter ein forrykande start av Sogndal, og etter eit Otoo mål som sende dei i føringa etter sju minuttar.

Olsson

GLAD: Trenar Jonas Olsson er konstaterer at måla til Mahatma Otoo er viktige både for Sogndal og ghanesaren sjølv.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Målprotokollen er viktig. Både for han og for Sogndal. Han er vaken og god i boksen, men har vore litt uheldig til no. Det er kjekt at det har losna for Otoo, seier trenar Olsson.

Håpar på VM-billett

22-åringen vart kåra til banas beste i heimetapet mot Rosenborg. Men langt viktigare blir noko som skjer seinare i sommar. For det handlar ikkje berre om eliteseriespel for Otoo.

Han er ung, og har framtida føre seg, men frå i ein månad, frå midten av juni, skjer det noko stort i Brasil: fotball-VM. Der vil Sogndal-spissen gjerne vere med.

– Eg er jo ein av dei unge spissane i laget, og slik eg spelar no, så plasserer eg meg sjølv i ein fin situasjon. Det hadde vore kjekt å fått ei slik erfaring, gliser han.

Styrkar sjansen

Men med landslagssjef James Kwesi Appiah eit godt stykke frå eliteserien i Norge, får han ikkje med seg prestasjonar som ikkje gir utteljing. Til dømes brassesparket kvarteret etter pause, som kunne gjort ghanesaren til tomålsscorar mot Rosenborg.

– Så lenge eg spelar og scorar, så får han vite om det. Og det styrkar jo sjansane for å få VM-tur, seier Otoo. Vel vitande om at det blir ein tøff kamp om VM-billetten.

Konkurrentar er meir kjende, og meritterte, spelarar som Dominic Adiyiah (Milan), Christian Atsu (Vitesse), André Ayew (Marseille) og Jordan Ayew (Sochaux).

Får sjølvtillit

– Det spørst jo litt kva trenaren tenkjer. Vi har tre gode spissar, og eg veit ikkje kven han vil ta med eller om han vil la ein av dei erfarne spissane sitje heime, for å la ein ung spiss få vere med for erfaringa sin del, seier 22-åringen.

Otoo har spelt halvparten så mange kampar som i fjor. Med sine to eliteseriemål har han allereie scora dobbelt så mange mål som i fjor. Han meiner det er meir i vente.

– Når du scorar, så får du sjølvtilliten du treng. Og det er det som held meg gåande, smiler han.

– Må gjere det bra

– Skal han ta ein plass blant stjernene i troppen, så må han gjere det bra i Tippeligaen, seier trenar Olsson og spøkefullt håpar at Otoo ikkje blir med til VM.

– Aller helst skulle eg hatt han her, så han kunne score mål for Sogndal, humrar han og understrekar at det hadde vore «kul» for både klubben og Otoo om 22-åringen fekk VM-billett.

– Det er klart. Vi håpar verkeleg at Mahatma tek ein plass i VM-troppen.