Hopp til innhold

VM-gull reddar sesongen for Bø

Etter fjorårets verdscuptittel har årets sesong vore ein stor nedtur for Tarjei Bø. Men ein gullmedalje i tyske Ruhpolding vil snu opp ned på sesongen.

Tarjei Bø i Ruhpolding

GULL: VM-gull i Rupholding vil redde sesongen for Tarjei Bø.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Under fjorårets VM i Khanty-Mansijsk vart det tre gullmedaljar på stryningen. Sesongen toppa Tarjei Bø med samanlagtsiger i verdscupen.

Etter ein trøblete start på årets sesong, vart store delar av nyåret øydelagt av sjukdom. Eit VM-gull kan snu sesongen frå nedtur til opptur for 23-åringen.

– Det vil redde sesongen. Då hadde sesongen gått frå å vere dårleg til å bli veldig bra, seier han til NRK.

Nest raskast

Stryningen var med tre bom nest raskast av alle under søndagens jaktstart. Berre russaren Anton Shipulin (ein strafferunde) var raskare. Dei 17 treffa gjorde at Bø også var best på skytinga av dei norske.

Det førte han frå ein svært skuffande 17. plass på sprinten, til ein 7. plass etter jaktstarten. Det er det næraste Bø har vore pallen på lenge.

– Det var veldig bra. Løpet isolert sett er noko av det beste eg har gjort i år. Det byrjar å stemme i løypa, og skytinga var ganske bra. Alt i alt eit bra løp, men det var utgangspunktet som var dårleg, seier han.

Trur på medalje

Med tre øvingar att, er verdsmeisterskapen i Tyskland om lag halvveges. Tysdag står 20-kilometeren for tur, medan det torsdag er 4x7,5 kilometer stafett. Laurdag går herrane 15 kilometer fellesstart.

Stryningen trur på VM-medalje og meiner å sjå konturane av god førebuing i forkant av meisterskapen.

– No merkar eg personleg at eg er kapabel til å ta medalje, og det er den kjensla og tryggleiken som gjer meg på hogget. For nokre veker sidan kunne eg skote fullt hus og likevel ikkje vore med og kjempa, seier han.