Hopp til innhold

Aktor er overtydd om at den svenske bussjåføren er skuldig i aktlaust bildrap

Aktor i buss-saka, Anette Stegegjerdet Norberg, er overtydd om at den svenske bussjåføren er skuldig i aktlaust bildrap.

Rettssaka mot den svenske bussjåføren som er tiltalt for aktlaust bildrap starta i Sogn tingrett i dag.

MOTSTRIDANDE: Det er full splid om skuldspørsmålet i buss-saka som starta i Sogn tingrett i dag. Aktor Anette Stegegjerdet Norberg er heilt overtydd om at den svenske bussjåføren er skuldig i aktlaust bildrap.

– Slik aktoratet ser det, så har den tiltalte kome over i motgåande køyrebane. Det har gjort til at det blei for lite plass til den bussen som kom imot, og det har blitt ein overlapp, ein samanstøyt, sa politiadvokaten til NRK Vestlandsrevyen no i kveld.

Saka mot den svenske bussjåføren starta i Sogn tingrett i dag, og varer ut veka.

– Bussen passerte fleire køyretøy, og det gjekk bra. Problemet var at den andre bussjåføren ikkje såg på vegen.

Slik skildra eit av vitna på den norske rutebussen kollisjonen med ein svensk turbuss ved Fardal i Sogndal i fjor.

To unge kvinner omkom i ulukka. Føraren av den svenske bussen er tiltalt for aktlaust bildrap.

– Sjølv om bussføraren på vår buss bremsa og svinga mot høgre, og den andre bussen svinga til sin høgre, så var det umogleg å unngå kollisjon, forklarte vitnet.

Såg vekk frå vegen

Vitneavhøyret av den spanske turisten på rutebussen vart gjort i løpet av hektiske etterforskingsdagar etter ulukka. Fire avhøyr av vitne vart lest opp av aktor Anette Stegegjerdet Norberg.

Politiet har i etterkant rekonstruert ulukka og fått positivt svar på at vitne kunne få med seg rørslene til føraren av den møtande bussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bussulukka i Fardal

SENTRALT: Kor langt inn i vegbana dei to bussane låg er eit sentralt tema i rettssaka mot den svenske turbussjåføren.

Foto: Øyvind Nondal

– Om han såg mot fjorden eller noko anna veit eg ikkje, fortalde vitnet. Den svenske statsborgaren nekta for å ha sett på noko anna enn vegen og speglane. Han nekta straffskuld då saka starta mot han.

Avviser skuld

Påtalemakta meiner mannen plasserte bussen for langt inn i vegbana i forkant av samanstøyten. Oppmålingar i etterkant viser at bussen stogga med begge hjula på høgre side stod utanfor kvitestripa.

Ulukka skjedde i ein slakk sving på den smale fylkesveg 55 ved Fardal. Bussane fekk hard medfart i samanstøyten. To unge kvinner, ei i kvar av bussane, omkom. I tillegg vart to turistar kritisk skadde.

– Eg seier ikkje kven si skuld det er, men bileta viser kven som har støytt i kven. Det er ikkje eg som har støytt i nokon, sa han i forklaringa.

Anette Stegegjerde Norberg

USAMDE: Aktor Anette Stegegjerdet Norberg (i miten) her i samtale med forsvarar Geir J. Kruge, bistandsadvokat Erik Slotterøy og tidlegare regionlensmann i Sogn, Åge Løseth (t.h.).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vart kraftig provosert

Guiden i turbussen forklara at han såg den møtande bussen, og at han ropte ut fire-fem sekund før samanstøyten. Føraren avviste dette etter spørsmål frå aktor Stegegjerdet Norberg.

Advokat Odd Harald Hovde

PROVOSERT: Bistandsadvokat Odd Harald Hovde (t.v.).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bistandsadvokat Odd Harald Hovde reagerte kraftig på at mannen sjølv la fram eigne teoriar og utrekningar på kva som hadde skjedd. Også aktor Stegegjerdet Norberg reagert på dette.

– Seier du at du meiner å vite korleis ho døydde? Familien hennar har vore hos Havarikommisjonen og snakka med dei. Dei seier noko anna enn det du seier, sa han.

Den tiltalte sa han forstod at familien til den avlidne kvinna reagerte, men sa dette hadde han rekna seg fram til. Han vedgjekk også at han aldri har forsøkt å komme i kontakt med pårørande, men sa han ikkje hadde verken dokument eller namn å forhalde seg til.

På spørsmål frå Hovde om familien ville få svar på kva som hadde skjedd og kven som hadde skuld, svara tiltalte:

– Teknisk sett er det ikkje mi skuld. Det er eg 100 prosent sikker på.

Saka held fram onsdag, då med ulukkeskommisjonen og synfaring på ulukkesstaden.