Hopp til innhold

Har frigjeve namna på dei omkomne

I samråd med dei pårørande har politiet frigjeve namna på dei tre omkomne etter trafikkulukka i Våtedalen i Jølster torsdag.

Trafikkulukke i Våtedalen

DØDSULUKKE: Politiet vil av omsyn til etterforskinga ikkje seie noko om hendingsgangen til frontkollisjonen i Våtedalen.

Foto: Runar Sandnes

Politiet opplyser at alle dei pårørande er varsla. Dei tre omkomne er Anders Jakob Raad (73) og Solveig Oddny Raad (75) frå Byrkjelo i Gloppen, og Arvid Flølo (43) som var busett på Vassenden i Jølster.

Situasjonen er uendra for ein 49 år gamal mann som torsdag fekk intensivbehandling for moderate skader ved Førde sentralsjukehus. Helse Førde opplyser at den ni år gamle guten er lettare skadd.

– Mange råka av ulukka

Anders Ryssdal

PREGA: Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, seier mange er råka av ulukka i Våtedalen. – Eg har stor medkjensle med dei pårørande. Det er først og fremst desse ein tenkjer på, seier han.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Både i Førde, Jølster og Gloppen vart det oppretta psykososiale kriseteam etter ulukka.

Ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen seier ulukka har råka mange både i eigen, men også kringliggande kommunar.

– For mange har det blitt ei brå endring i høve til kva ein trudde julehelga skulle bli. Det er mange som har mista av sine nære og kjære. Eg trur jula blir roleg, med tid for ettertanke og sorg for mange, seier han.

Vitne såg samanstøyten

Lensmann Knut Skurtveit i Jølster seier at det eldre ekteparet som omkom sat i baksetet i den eine bilen, medan 49-åringen som er moderat skadd køyrde bilen, og niåringen som er lettare skadd sat i passasjersetet framme. 43-åringen som omkom var åleine i sin bil.

Utover dette kan politiet førebels ikkje seie meir om omstenda kring frontkollisjonen på E39 i Våtedalen i Jølster. Dette av di vitne framleis ikkje er avhøyrde.

I tillegg til dei to som overlevde ulukka, var det andre vitne til samanstøyten som kan gje politiet nærare svar på hendingsgangen.

– Det skal vere vitne til sjølve kollisjonen. Desse er førebels ikkje avhøyrde, seier lensmann i Jølster, Knut B. Skurtveit, som ikkje vil kommentere om dette er bilistane som vart etterlyste torsdag ettermiddag.

Bilar blir kontrollerte

Vegen er brei og oversiktleg der ulukka skjedde. Det skal ha vore våt vegbane, men ikkje glatt. E39 var stengd i fire timar etter ulukka.

– Det som skjer framover er at det blir gjennomført ein del vitneavhøyr i saka, teknisk kontroll av bilane og ulukkesgruppa som skal gjere ein del etterarbeid etter arbeidet på ulukkesstaden, seier Skurtveit.